Ut av folkemordets skugge

Feil veg inn i framtida?: Til trass for ambisiøs økonomisk reformpolitikk, heng Rwanda etter mykje av det afrikanske kontinentet når det kjem til demokrati og menneskerettar. Bildet er frå president Kagame sin førre valkamp, i 2010. FOTO: Marc Hofer/AP

Rwandas økonomi har røyst seg frå oska etter folkemordet. Ein autoritær leiar og skuldingar om grove menneskerettsbrot set likevel store spørjeteikn ved kva retning landet går i.

Rwanda er framleis kjent for folkemordet i 1994, noko folkemord-tiltalen og domen mot bergensbaserte Sadi Bugingo nyleg minna oss om. Mellom ein halv og ein million tutsiar og moderate hutuar vart drepne på berre 100 dagar. Dei hovudskuldige var huturegimet og deira militshandlangarar, som i lang tid hadde planlagt ei utrydding av tutsiane. Mannen som stogga folkemordet var Paul Kagame, tutsi og Rwandas president dei siste tolv åra. Medan regimet braut saman under vekta av sitt eige drapsvanvidd tok han som leiar av Rwandas Patriotic Front over store delar av landet, og kapra til slutt hovudstaden Kigali.

Etter folkemordet var Rwanda ein av verdas fattigaste og mest utarma nasjonar. To tiår etter er det vetle landet derimot forvandla til ein av kontinentets nydøypte «løveøkonomiar». Dei siste ti åra har økonomien vokse med heile åtte prosent i snitt og inntekta til den typiske rwandar har dobla seg. Ti millionar innbyggjarar har i det store og heile fått betra levekår samstundes som bistandsdelen av det offentlege budsjettet er kraftig redusert. Kagame har ogso fått internasjonal merksemd for storsatsing innan utdanning, halvering av barnedødelegheita, spreiing av internett og betring av kvinnerettar. Halvparten av Rwandas parlamentsmedlemmer er kvinner – ein afrikansk rekord.

 

Halvparten av Rwandas parlamentsmedlemmer er kvinner

 

Den rivande økonomiske utviklinga fell saman med ambisiøs økonomisk politikk. Kagame siktar mot at det vetle landet skal forvandlast til eit afrikansk Singapore. For å realisere målsetnaden har han fylt regjeringa med teknokratar og gjennomført ein imponerande serie med økonomiske reformer. Reformene har gått langt i å legge til rette for meir næringsverksemd, til dømes ved kutt i byråkratikrav, straumlineforming av nybedriftsregistrering og betra vern av eigedomsretten. På det afrikanske kontinentet har ifølgje Verdsbanken berre Sør-Afrika og Mauritius eit betre forretningsklima. Knapt noko afrikansk land har heller gjort meir for å redusere korrupsjon: Rwanda er rangert mindre korrupt enn Italia eller Hellas og jamvel ministarar har vorte fengsla i korrupsjonssakar.

Til trass for reformiveren manglar Rwanda fleire av Singapores sentrale føremoner. Rwanda er lite og landlåst, ei skuggeside ved det vakre kallenamnet «Afrikas Hjarte». Singapore har ei av verdas største handelshamner og nyt særskild godt av å ligge i nabolaget til ein hurtigveksande kinesisk økonomi. Rwandas plassering mellom lutfattige Burundi, krigsherja Kongo, korrupte Uganda og Tanzania er langt mindre ideell. Vidare er landet avhengig av ei ekstern kopling til verdsmarknadens sjøvegar. Vegen til næraste storhamn, Mombasa i Kenya, er derimot lang, holete og dyr.

Rwandas hurtige økonomiske utvikling passar inn i ei større soge om eit kontinent i rivande endring. Det britiske tidsskriftet The Economist kalla for eit år sidan Afrika for «Det Håpefulle Kontinentet». Det er eit merkverdig imageløft for ein region som oftast vert forbunde med krig, svalt og naud. Over halvparten av verdas ti raskast vaksande økonomiar ligg sør for Sahara og land som Ghana, Mosambik og Angola er blitt ynda investeringsmål.

Vekstauka skjer ikkje berre som følgje av dei siste åras prisvekst for afrikansk råvareeksport. Han er i større mon enn tidligare bygd på afrikanaranes eige forbruk, ein gryande middelklasse og innovasjon. Den raske økonomiske veksten fell ogso saman med stadig meir robuste demokratiske regime i mange land: I laupet av 2012 gjekk folkesetnaden i heile 15 afrikanske nasjonar til valurnene.

Rwanda heng til trass for ambisiøs økonomisk reformpolitikk etter mykje av kontinentet når det kjem til demokrati og menneskerettar. Menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch skuldar konsekvent Kagame for alvorlige menneskerettsbrot. Nasjonale val vert konsekvent rigga i favør av regjeringspartiet og reell politisk opposisjon er bannlyst. I oppkøyringa til det presidentvalet i 2010 vart fleire journalistar og opposisjonspolitikarar angripne eller snikmyrda. Kagame blir ogso mistenkt for å vere ei usynlig hand bak det vidfemnande opprøret i Aust-Kongo. Rwandiske styresmakter nektar konsekvent for einkvar innblanding, men står ifølgje eit mangfald vitnesbyrd og FN-rapportar bak båe opprettinga og væpninga av opprørsrørsla M23. Rørsla oppstod då nokre hundre soldatar deserterte frå den kongolesiske hæren i vår, og har blitt skulda for grove overgrep som systematisk valdtekt, bruk av barnesoldatar og avretting av sivile.

 

Inntekta til den typiske rwandar har dobla seg

 

Leiaren av M23, Bosco Ntaganda, og storparten av has soldatar er i likskap med mange av nøkkelpersonane i det rwandiske regimet frå tutsislekt. Rørsla har sidan sist sommar erobra store områder frå det det rustne nasjonale militærvesenet. Den militære framgongen kulminerte 20. november i ei mellombels kapring av provinshovudstaden Goma. Millionbyen gjestar ei av verdas største FN-styrkar, men den humanitære hæren vart på grunn av sitt spake mandat redusert til ein tilskodar då opprørarane motstandslaust vandra inn i byen. Det spekuleras i at Rwandiske styremakters motivasjon for å støtte M23 er å skjære ut ein utbrytarstat i grenseområda mellom Rwanda og Kongo, som er eit av verdas mest mineralrike område. Frykta er at ein slik stat på grunn av sitt avhengeforhold til Kagames regime i praksis vil bli styrt frå Kigali.

«Afrikas Hjarte» slit framleis med mange av kontinentets tradisjonelle sjukdommar, men gjennom Rwanda skin båe eit nytt og eit gamalt Afrika. På ei side er det ein stadig meir sjølvsikker stat som effektivt betrar innbyggjaranes levekår gjennom kraftig økonomisk vekst og samstundes freistar å fri seg frå avhenge av utanlandsk bistand. På ei anna side eit brutalt autokrati med ein seigliva tradisjon for å skape øydeleggande konflikt i nabolanda.

Tags:

Kommentarer