Tre millionar bergensarar

ISLAND FÅR DET TIL: Harpa konserthus i Reykjavik. ARKIVFOTO: REUTERS

Vi er ikkje for få her i landet, slik kulturminister Hadia Tajik jamrar over: Vi er fleire strilar og bergensarar enn islendingar.

– Vi veit godt at vi berre er 250.000 islendingar. Men vi let som vi er 25 millionar, sa Vigdís Finnbogadóttir, verdas første folkevalde, kvinnelege president.
Det norske riksstyret veit godt at vi er 5 millionar nordmenn. Men dei let som vi berre er 500.000: Dei som bur i Oslo, minus dei hjelpetrengande drabantane i Groruddalen.
Det er forklaringa på at Bergen og Brønnøysund er eitt feitt, sett frå Oslo. Slik ter makta seg, slik artar hersketeknikken seg. Islendingane kan prisa seg lukkelege over at dei ikkje blei med på det norske lasset i 1814.

Tenk deg tanken: Island som ein norsk landsdel, midt ute i Atlanteren, styrt frå Oslo. Sagaøya ville vore så godt som avfolka, fiskerettane selde til Kina eller Austevoll, jordbruket avvikla. Turistbransjen, ein marinebase og ein flyplass ville vore viktigaste levebrødet for dei få attverande urinnvånarane. Det som elles trengtest, ville vera ein Kidsa barnehage, ein folkeskule med islandsk som valfritt sidemål og eit par forskingsinstitutt.
Styrt frå Oslo ville Island vore eit slags Svalbard, med to rutefly kvar dag, smekkfylte med delegasjonar av legar på symposium og offentleg tilsette på seminar, som kunne kjøpa billeg sprit og dyrt sportsutstyr avgiftsfritt. Styrt frå Oslo ville Island vore som den norske provinsen utanfor Oslo og Kvitfjell og Blindleia: Eit subsidiesluk.

Island utan oslomakt er som humla. All humlologi tilseier at humla ikkje kan fly – ho flyg likevel. All sunn fornuft tilseier at Island ikkje er økonomisk levedyktig – men islendingane har suv og flatskjerm og golfbaner i lavamarkene og opera (!). Island er ei like stor hån som humla mot verdas fremste ekspertise. Island held den norske kulturministeren og alle tilsette i Det kongelege norske finansdepartement for narr.

Det er inga naturlov som tilseier at alle statsinstitusjonar og heile statens kjernefamilie må samlast i hovudstaden

Er du ein utifrå gåverik stril som vil laga film her i landet, må du ver så god pitla deg til Oslo med pikk og pakk: Vi er så få her i landet, ressursane må samlast på ein stad, blir det slått fast i den nyss framlagde kulturutgreiinga. 300.000 islendingar – dei har yngla som kaninar etter Vigdis Finnbogadottirs tid – anar ikkje at dei er for få til å laga film.

Arrogante og hovmodige islendingar har laga filmar som konkurrerte med Kon-Tiki om årets Oscar-pris, så respektlause er dei. Dei arbeider hardare, festar hardare, får fleire barn og eksporterer fleire fotballspelarar enn vi gjer. Utifrå vakre damer med vulkanoske i pudderet prøver ut siste mote før den kjem i butikkane i Milano og London. Så lite bryr islendingane seg om pensum på Norges Handelshøyskole og norsk kultur.
Islandsk halvamerikansk stormannsgalskap og skamlause materialisme kan bli i meste laget. Finansvikingane greidde nesten senka Sagaøya i spekulasjonskrateret sitt, godt hjelpte av innfødde politikarar. Noreg flyt så høgt på olja at ikkje ein gong spekulantane gidd anstrenga seg.

Mange meir truskuldige islendingar rømde landet for å klara seg økonomisk, slik dei ofte har gjort. Ikkje berre kunne arktisk jordbruk og atlantisk fiske svikta, vulkanar og jordskjelv og flaumar har skapt katastrofar og svolt. Klimaet er som innsida av ein bilvask. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at ein tredjedel av innbyggjarane til ei kvar tid har søkt tilflukt i utlandet, somme jamvel i Noreg. Men dei som flyttar ut, vender som regel nasen heim att, før eller seinare. Dei saknar vel jordskjelva og vulkanutbrota.
Den tida dei måtte eta gras og tang og tare for å overleva, klamra dei seg til bøkene og lesinga og diktinga. Norrønt mål vart aldri erstatta av københavnardialekten frå slutten av 1500-talet, som i Noreg. Den kulturelle sjølvtillita følgde språket.

Forklaringa kan veraav genetisk art. Landnåmsmennene på Island var Vestlandets mest obsternasige og hovmodige folk, dei som ikkje fann seg i å bli styrt av ein konge, og hadde midlar til å utvandra. Dei tok naturlegvis med seg trælar og arbeidsfolk; alle islendingar stammar ikkje frå den vestnorske overklassen, med ætterøter tilbake til Odin, slik dei elskar å skryta av. Og kvinnene var gjerne røva i Skotland og Irland. Den spesifikt mannlege, genetiske arven er målt til 70 prosents vestnorsk opphav, den spesifikt kvinnelege, genetiske arven er i nett like høg grad av keltisk opphav. Blandinga gav unorske utslag.
Mine eigne, vestlandske aner, dei som ikkje kom seg av garde, var nok av mindre ærerikt slag, og det er lite truleg at innslaget av keltiske kvinner var særleg høgt. Men utvandrarane sopte ikkje Vestlandet heilt reint for talent. Vestlendingar utmerkjer seg framleis ved å vera meir arbeidssame og mindre sjuke enn andre nordmenn. Det har jamvel plaprokratiet i Oslo erkjent og forundra seg over.

Det verste saknet er den utvandra sjølvtillita og sjølvråderetten. Det er på tide å visa kva islendingars næraste slektningar er gode for. Det er inga naturlov som tilseier at alle statsinstitusjonar og heile statens kjernefamilie må samlast i hovudstaden. Berre ei oslolov, berre ein hersketeknikk. Det er meir enn nok vestlendingar til å konkurrera med islendingane, meir enn nok bergensarar til å konkurrera med Reykjavik.
Reykjavik er meir kosmopolitisk og meir hipp enn Oslo. Og kan Reykjavik, kan Bergen (og Stavanger og Trondheim og Tromsø og Lillehammer).
Om vi var som islendingane, ville vi sagt 30 millionar bergensarar. Men det er nok best å nøya seg med tre millionar, for ikkje å skremma buksevatn på heile regjeringa og halve landet.

Kommentarer