Statsråd med påhalden penn

ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER

I debatten om kulturløftet som eit Oslo-løft, har kulturminister Hadia Tajik stått fram som departementets marionett.

Vekene etter den lite kontroversielle evalueringsrapporten frå Enger-utvalet om Kulturløftet, kunne ha vore reine signingsferda for kulturminister Hadia Tajik.
Ho kunne ha innkassert skryt – forsterka av nye millionar til kulturforsking og rolla som julenisse i Munch-fadesen i Oslo kommune. Før sjølve crescendoet: Lansering av nytt Nasjonalmuseum i hovudstaden til ein verdi av over fem milliardar – eit samla kulturløft, berre det. Så kunne ho ha gått smilande inn i valkampen med pondus og sjarm.

Hadde det ikkje vore for ein klegg i vest. BT valde å ikkje gå inn i dei opptrakka løypene for dekning av ti års tiljubla kulturløft. I staden tok vi provinsbrillene på, og undersøkte kva konsekvensane har vore for Noregs nest største by, byen som i kraft av storleik er best eigna til å yte motstand og sunn og avgjerande konkurranse med hovudstaden.

Å drive fjernanalyse av kva som har gått føre seg i Kulturdepartementet i tida etter BTs talknusing, skal eg ikkje innlate meg på. Reaksjonane vi har sett har vore dels syrlege, dels avvisande, dels forsøk på latterleggjering. Først og fremst har dei synt Hadia Tajik som lojal systemforsvarar.

Veka før framlegginga av Enger-utvalet hadde eg skrive ein artikkel i Minerva (kortversjon trykt i BT) om kva ein kunne forvente seg av evalueringa. Kulturløftet har blitt eit Oslo-løft, spådde eg – distrikta får sitt. Byane utanfor Oslo har tapt. Då fasiten for kulturløftet kom, synte tala seg å vere endå skeivare enn dei eg hadde lege til grunn. På felt etter felt har Bergen tapt mot Oslo. Særleg har det gått ut over dei store institusjonane. Reaksjonane har likevel vore nøyaktig som forventa. Skuldingar om bergenssutring kom like raskt som vepsen i syltetøyet ein seinsommardag.

I staden for å gå inn i argumentasjonen, valde Tajik ein heilt annan strategi: Kulturdepartementets embetsverk hadde bestemt seg for å argumentere for at det er hovudstaden som har fått minst igjen av kulturløftet. Ivrige byråkratar laga i full fart eit oppsett som rein statistisk abrakadabra, og Tajik dilta lojalt etter.

Dagen for framlegging av Enger-rapporten var eg invitert til å delta i debatt på NRK med Tajik og utvalsleiar Anne Enger. Kulturministeren visste at eg kom til å snakke om hovudstadstala. Oslo har fått 3478 kroner pr. hovud meir til kultur gjennom kulturløftet (2685 kr pr. person om ein trekkjer frå institusjonar som Språkrådet). Det er skyhøgt over alle andre fylke. Skeivdelinga blir ekstra påfallande om ein samanliknar med nabolandet Sverige, som har gode kulturstatistikkar.

Minutta før vi gjekk inn til Ole Torp i studio, stod Tajik saman med presserådgjevar Hanne Gjørtz i ein krok og terpa tal. Straks skeivdelinga kom på banen, avleverte ho følgjande nypugga reknestykke: Dersom ein fjernar alle dei nasjonale institusjonane i Oslo, vil ein stå att med vel femhundrelappen, påsto ho, utan å nemne at i så fall ville Oslo stått heilt utan orkester, viktige teater og kunstmuseum – eller opera.

Reknestykket Tajik ikkje gjorde, var å fjerne nasjonale institusjonar i Bergen. Eller plukke bort alle store institusjonar frå dei andre byane.Det ho heller ikkje sa eit ord om, var at i Oslos reknestykke er til dømes operabygget halde utanfor, fordi det er Statsbyggs bord. Det same vil gjelde det store nye Nasjonalmuseet. Til saman utgjer berre dét rundt ti milliardar i investering. At brorparten av nye postar på statsbudsjettet i same periode har adresse Oslo, sa ho heller ingenting om. I staden for å stå fram som heile landets kulturminister – også Bergens og Trondheims – let ho seg fullstendig styre av premissgjevarane i eit departement med tilsette, som snakkar om «mitt teater» når dei snakkar om Nationaltheatret.

Etter å ha avlevert nokre minuttars talmagi hjå Ole Torp, har kulturministeren valt å knipe att munnen – og venta på at BT skal gjere seg ferdig med å drive med talknusing så ho kan samle trådane og oppsummere som det passar henne – og departementet.Hordalandsbenken har også tagd kledeleg stille. Ein politikar tapar stemmer på å syne seg interessert i kulturpolitikk, sa Olemic Thommessen (H) under debatten om Oslo-løftet på Litteraturhuset i Bergen (der den politiske leiinga i Kulturdepartementet heller ikkje ville delta). Sidan har Tajik lova bort endå fleire kulturmilliardar til Oslo – utan så mykje som å heve augnebrynet.

Etter å ha avlevert nokre minuttars talmagi hjå Ole Torp, har kulturministeren valt å knipe att munnen

Godt politisk handverk eller tapsstrategi? I Bergen og Hordaland er irritasjonen i ferd med å bli påtakeleg. Både frå fylket og kommunen kjem signal om at dette ikkje lenger er ein haldbar situasjon: For kulturinstitusjonane vil tyninga etter kvart gjere det vanskeleg å konkurrere om dei beste hovuda. Høvet for langsiktig satsing blir svekkja fordi leiarar forsvinn til betre vilkår i hovudstaden. Kvalitet blir ikkje løna, og statistikkane frå BT kan ikkje lenger snakkast bort.

Sjølv ikkje av ei innøvd ambisiøs kulturminister som ein gong kom frå Vestlandet.

Tags: ,

Kommentarer