Lenkefest

Verktøy som kan kome til nytte er det mange av på Nicar 2013.

Sit og frys i eit konferanselokale i Louisville, Kentucky og høyrer på Car 2013s gjennomgang av nyttige verktøy.

Her er ei liste som eg fell for, etter kvart som eg fell for dei:

cometdocs.com gjer at du kan konvertere PDF-ar til Excel.

DocumentCloud – det kjem mykje meir om DC etter kvart…

EXIF viewer hjelper deg å hente ut metadata frå bilete. Dette er ein add-on til Firefox.

Downthemall kan laste ned haugar med dokument frå ei nettside med eitt klikk.

Chromes web scraper er genialt til å hente ut data frå websider, men det virka ikkje skikkeleg under presentasjonen. Jaja. Add-on til Chrome.

freezepage lagar skjermdumpar med lenkar som virkar etterpå.
Geofeedia (betal) og iwitness (gratis) gjer det mogleg å geosøke etter innhald i sosiale mediar. Du kan velje adresse og sjekke Twitter- og Facebookmeldingar i ein gjeven radius rundt ein adresse.
Bangeo app til tabelet og mobil, finn tweets frå der du er.
Mappeo.net gjer det samme med youtube-videoar.
Batchgeo.com lagar kart raskt. Lim inn data, valider, «make map»
Timeflow gjer det lett å sortere og filtrere data. Tidslinjen er ikkje så fin, ifølgje IRE-folka. Eit backend-verktøy.
snapbird er bra til å hente ut Twitter-info
Eg skal berike denne artikkelen med fungerande lenkjer seinare.
No er det lunsj.