R, Python og andre dyr

Ein amatør får fleire krasjkurs på ein dag. Og likar det.

Eg er ingen kodar. Truleg blir eg det aldri heller. Då kameratane heiv seg over Commodore 64-tastaturet og skreiv maskinkode på 1980-talet, laga eg musikk i dårlege musikkeditorar.

I dag er dei dyktige programmerarar som heile næringslivet skrik etter og vil betale dyrt for å få.

Eg er journalist.

Python dag

Men i dag, laurdag, som framleis er dag her i Kentucky, har eg kasta meg på bølgja. Kan hende er det ikkje for seint å forstå litt, og kanskje kan eg lære meg å bruke programmering til enkle ting? Omtrent som å lære seg Turist-Spansk? Alt er mogleg, sjølv i vaksen alder.

Dagen byrja med totimarskurs i Python. Eg gjekk først og fremst fordi eg er fan av Monty Python. Men timane var nyttigare enn eg trudde.

Dette programmeringsspråket er fint til å skrape ut data frå ein nettside. Ved å bruke eit .py-bibliotek som heiter Beautifulsoup henta vi lett ut data om bankar i USA, som har gått konkurs, frå denne sida. Du kan ganske intuitivt endre koden og velje kva for parametrar du vil hente ut.

Det einaste vi måtte finne, var id-en til tabellen (inspect element i Google Chrome eller Firebug i Firefox er bra verktøy for å sjekke koden). Så måtte vi definere kva for kolonnar vi ville ha. Då eg køyrde denne koden, fekk eg dette resultatet.

«R»

Bergensarar og bynære strilar elskar R-en. R er òg eit språk for statistisk programmering som hjelper til med å sortere, og ikkje minst visualisere data. Amanda Cox har vore i Bergen under Nordiske Mediedager, og på Nicar viste ho kule kart du kan lage med R.

R kan du til dømes laste ned her. Eg sleit med at R ikkje ville godta språksettingane på min norske maskin, og med tempoet Cox heldt i dag rakk eg ikkje å fikse dette og få testa koden. Men eg har heimelekse for lang tid framover.

Fekk òg kjøpt denne boka på standen til Nicar.

Kjøpte òg desse T-skjortane —>.

Klarte ikkje velje. Men binærregn-T-skjorta er jo veldig bergensk.

Google script rular

På slutten av dagen var eg tom i hovudet, men klarte å slepe meg inn på ein sesjon med Steven Melendez frå WNYC.org. Han viste korleis du med script i Google docs kan gjere mange kraftige dataskrapingar.

Google Docs har ein innebygd editor som kan nyttast til å automatisere mykje av datauthentinga.

No er eg skrapt.

Middag med gjengen ventar.