Teiknsett frå ØygaRden

Skal du leike deg med R, risikerer du å møte eit språkproblem.

Jau, vi var ganske R-åimponert av R-sesjonen til Amanda Cox under Nicar13.

R er eit programspråk utvikla av statistikarar, men med kraftige kart- og fargebibliotek kobla til. Derfor er R òg eit potensielt veldig bra journalistisk verktøy.

Mange nyhendeorganisasjonar i USA har kome langt i å bruke R til grafikkar og dataanalyse, både for papir og web.

Men då eg skulle starte R og plotte mitt første kart, støtte eg på eit problem.

Ei feilmelding:

«Failed to set default locale», eller noko liknande, tyder på at språkinnstillingane du har sett for R ikkje er kompatible. Og sidan du sikkert er norsk, er nok det problemet.

Etter ein del googling og konsultasjon med heile Bord 4 fann eg til slutt ein fiks.

I terminalvindauget (ikkje i R-konsollen) skriv du:

defaults write org.R-project.R force.LANG en_US.UTF-8

Når du startar R, skal det fikse problemet.
I R kan du skrive:

system(«defaults write org.R-project.R force.LANG en_US.UTF-8»)

Då klarte eg å plotte mitt første kart i R.

A small step for Man, osb.

PS: Du må restarte R etter endringane.