NY Times bloggar om Skodvin

Helge Skodvins 240-prosjekt får merksemd i the New York Times´fotoblogg The Lens.

Dei omtalar første nummer av The Norwegian Journal of Photography, der mellom andre Skodvin, frilansfotograf med sterk tilknytning til Bergens Tidende, er representert med sine Volvo-bilete.

«Journalen, som vil bli publisert med Fritt Ord-støtte kvart andre år, presenterer ein ny – men ikkje alltid ung – generasjon av norske fotografar for eit større publikum. Og han viser landet gjennom ti ulike línser, anten fokusert på Volvoar eller anna», skriv Kerri MacDonald på bloggen.

Som tydeleg vart fascinert av Skodvin sitt bilprosjekt.

Les og sjå bileta her!