Sp-makta i Noreg

Du lurer kan hende på kvifor Sp, eit ganske lite parti i Noreg, stadig dukkar opp i nyhenda som premissleverandør for norsk politikk. Dette kartet forklarer litt av årsaken.

For sjølv om Sp er eit lite parti i prosent på landsbasis, har det stor makt kommune for kommune. Faktisk hadde partiet meir enn ti prosent oppslutning i 230 kommunar i kommunevalet 2011.

Kartet du ser her, har eg laga ved hjelp av R. Det viser Sp sine lokale maktbastionar i Noreg. Liknande analysar kan vi gjere for alle partia ved hjelp av grunndata henta frå denne Excel-filen, som inneheld samtlege valdata frå 2011.

Eg køyrde ein del R-bearbeiding på desse data. Koden kan du sjå her.

Det er ikkje spesielt avansert, og sikkert litt tungvint løyst frå mi side. Men steg for steg vaskar eg i alle fall unødvendige data, eg reknar ut prosentoppslutning for Sp i ein enkel for-loop, og eg matchar dataene med desse shape-filane for Noreg: 1, 2 og 3.