Spreng Escenic!

NB: Dette er ikkje ein trussel. Berre eit godt råd frå the New York Times.

Aron Pilhofer (@pilhofer) vitja Nordiske Mediedager førre veke. Han er redaktør for interaktive nyhende i mediehuset som mange vil meine er best i verda på digital journalistikk.

I sitt foredrag, som du kan sjå her, er eitt av råda: «Blow up your CMS».

– Content Management Systems er bra til ein ting: Å skuffe stoff ut på nettet, seier Pilhofer.

Skal du verkeleg bruke nettet sine fordelar, bør du sprenge deg ut av rammene som CMS-et ditt set, meiner Pilhofer.

Han synte korleis Snow Fall ville sett ut med the NY Times sitt vanlege sideoppsett. Ikkje så veldig interessevekkjande som det endelege produktet.

Han snakka om mange andre prosjekt enn Snow Fall, signatursaka frå the NY Times siste halvår.

– Du treng ikkje ein hær for å gjere slike ting. vi var berre tre då eg byrja, seier Pilhofer.

Han synte mange døme på gode interaktive prosjekt som er blitt laga av små redaksjonar, mellom anna dette av Wired Italia. Dei gravde fram data om skular som ligg nær jordskjelvområde og som ikkje var sikra.

– Det er inga unnskulding for ikkje å gjere dette, formana Pilhofer.