Ei løysing for desse galne PDF-ane?

Vi har funne eit verktøy som faktisk skjønner at ein tabell i PDF skal vere tabell i Excel.

PDF-en er den vrange, middelaldrande mannen i dataverda. Vil ikkje endre seg. Vil ikkje gje frå seg informasjon. Gjer alt for å misforstå og tar alle forsøk på dialog i verste meining.

Derfor har utallige dataskraparar most hjernesaftane sine for å finne ut smarte måtar å konvertere PDF-data til noko vi kan jobbe med, som til dømes Excel-data.
Dessverre er byråkratar i norsk forvaltning mellom dei som synest at PDF er gode greiar. Ønske om meir handterbare format fell ofte på steingrunn når vi ber om innsyn.

Kva gjer vi då? Vi klagar, vi prøver å oppdra folk. Og i mellomtida prøver vi å finne gode verktøy til å hjelpe oss.

I dag har eg testa Wondershare sin PDF Converter Pro. Og til skilnad frå til dømes Acrobat Pro, frå firmaet som oppfann PDF-formatet, klarar Wondershare faktisk å skilje ut innhaldet i ein PDF-tabell i Excel-kolonnar.

Det er ikkje heilt perfekt, men mykje, mykje betre enn mange av alternativa.

Programmet har ein gratisfunksjon, med den konverterer du maks fem sider i slengen. Kvar PDF-side får sitt eige Excel-ark.
Er dokumentet lengre, gjer du følgjande:
1. Kopier kvart ark inn i eit nytt Excel-dokument, anten i ulike ark eller under kvarandre (det siste er best om du skal samanlikne alle data).
2. Gå attende til Wondershare Converter, slett dei fem første sidene.
3. Konverter på nytt. Viktig: Lagre når du får beskjed om det, før den nye konverteringa. Elles vil du berre konvertere dei same sidene ein gong til.
4. Gjenta prosessen til heile dokumentet er konvertert.
5. Når du er lei, kjøper du fullversjonen til 70 dollar.