Dette må vi slutte med

Og då meiner eg sjølvsagt sladden. Ikkje… det der.


Media kan aldri meir ta eit publisert bilete frå nettet, sladde det for å anonymisere folk og så publisere det att.
Googles bildesøk har effektivt fjerna sladden. Det skapar utfordringar for dei som vil anonymisere folk, og det skapar sjansar for dei som vil avanonymisere folk.

Media sit midt i denne problemstillinga. Det har vore fleire døme på media som har publisert bilete utan å skjøne at det er meir enn nok spor i biletet til å finne ut kven som er avbilda.

Med Google bildesøk kan du søke på eit bilete, på same måte som tekst. Klikk på fotoikonet for å laste opp bilete eller lime inn lenke.
Google leitar gjennom metadata, og ho leitar etter bilete som liknar på biletet du har søkt etter.

Det er stor sjanse for at du då finn originalbiletet. Og informasjon du ikkje vil skal kome ut, ligg plutseleg fritt tilgjengeleg.

Det kan bli pinleg for fleire.