All posts by Christian Lura

  • Farvel, Louisville

    Lightning talk – versjonen av Nicar-oppsummering.

    Sit på flyplassen med 1 times Boingo-tid å bruke. Så, fort og gale:

    Dette har vore ein strålande konferanse, ein nerdenes hemn. Arrangørmessig er Nicar langtfrå den mest profesjonelle, men som fagkonferanse for dette viktige journalistiske området er det mykje å ta med seg heim.

    Sånn, det var innsalet for å få reise neste år.

    Read more

  • R, Python og andre dyr

    Ein amatør får fleire krasjkurs på ein dag. Og likar det.

    Eg er ingen kodar. Truleg blir eg det aldri heller. Då kameratane heiv seg over Commodore 64-tastaturet og skreiv maskinkode på 1980-talet, laga eg musikk i dårlege musikkeditorar.

    Read more

  • Stuck at boot camp

    Her har eg ingenting aa laere, tenkte eg. Men saa, plutseleg, blei det interessant.

    Eg er stuck at boot camp. Overtok billetten til ein kollega til eit kurs for saerskild paamelde. Saa viser det seg at det dreier seg om Excel, og vi byrja paa nivaaet «dette kallar vi celle A1».

    Oh. My. God.

    Read more

  • Vegen til dei gode ideane

    Alt du treng vite om Nicar finn du her.

    Denne lenka er så viktig at den fortener eit eige blogginnlegg.

    Eg har høyrd på Hadley Wickham som har snakka om datavitenskap for dei perplekse.

    Eg er like perpleks, men kan hende postar Lasse Lambrechts noko klokt frå denne sesjonen.

    Eg nøyer meg med eit bilete av kvar datavitskapen er i landskapet.

    Hadley Wickham forklarer kva for eigenskapar datakunnige må ha.

     

  • PDF-problemet

    Ein liten, idealistisk organisasjon i North Carolina har laga eit nytt verktøy som skal knekke PDF-data for deg.

    Kva skal ein gjere med dei trøttande PDF-ane når det er data du er ute etter?

    I år er det 20 år sidan Adobe lanserte PDF-formatet. Framleis er det levande i bruk, ikkje minst hjå mange av dei som sit på data vi vil ha; offentlege organar.

    Read more

  • Ny lenkefest: Sosiale media

    Ein bråte verktøy kan hjelpe deg med å hente informasjon ut av sosiale media.

    Etter ein veldig god burgerlunsj høyrer eg på ein sesjon om verktøy for å tappe informasjon ut av sosiale media.

    Det kryr av slike verktøy, og her går det fort, derfor blir dette fort og gale:

    Hachi
    Du kan søke på stikkord, kjenner eg nokon her?

    http://www.gohachi.com/

    Foller me
    foller.me

    Social mention
    Kan filtrere søk veldig bra. Du kan få data enkelt ut i eit rekneark.

    Topsy
    Du kan søke meir enn to veker attende i tid.

    Geofeedia
    Betalverktøy, men kan gjere fantastisk raffinerte søk.

    LinkedIn
    Gir premium service til journalistar for å gjennomføre eit 35 min langt webinar.

    SnapBird
    Søk i spesiell konto for ord.
    3600 tweets tilgjengeleg for utviklarar.

    All my tweets

    Viss du vil laste ned alle tweets ein person har skrive.

    (Grabb alle tweets til kontroversielle folk før kontoen vert stengd!)

    Facebook Open Graph Search 

    Søk i Facebook-statusar:

    openstatussearch.com

     

    Og alt dette fekk vi vite av:

    Mandy Jenkins @mjenkins

    Zombiejournalism.com

    Doug Haddix @DougHaddix

    Kiplingerprogram.org

     

    slideshare.net/mandyjenkins

    Mediafire.com/haddix

     

  • Lenkefest

    Verktøy som kan kome til nytte er det mange av på Nicar 2013.

    Sit og frys i eit konferanselokale i Louisville, Kentucky og høyrer på Car 2013s gjennomgang av nyttige verktøy.

    Her er ei liste som eg fell for, etter kvart som eg fell for dei:

    cometdocs.com gjer at du kan konvertere PDF-ar til Excel.

    DocumentCloud – det kjem mykje meir om DC etter kvart…

    EXIF viewer hjelper deg å hente ut metadata frå bilete. Dette er ein add-on til Firefox.

    Downthemall kan laste ned haugar med dokument frå ei nettside med eitt klikk.

    Chromes web scraper er genialt til å hente ut data frå websider, men det virka ikkje skikkeleg under presentasjonen. Jaja. Add-on til Chrome.

    freezepage lagar skjermdumpar med lenkar som virkar etterpå.
    Geofeedia (betal) og iwitness (gratis) gjer det mogleg å geosøke etter innhald i sosiale mediar. Du kan velje adresse og sjekke Twitter- og Facebookmeldingar i ein gjeven radius rundt ein adresse.
    Bangeo app til tabelet og mobil, finn tweets frå der du er.
    Mappeo.net gjer det samme med youtube-videoar.
    Batchgeo.com lagar kart raskt. Lim inn data, valider, «make map»
    Timeflow gjer det lett å sortere og filtrere data. Tidslinjen er ikkje så fin, ifølgje IRE-folka. Eit backend-verktøy.
    snapbird er bra til å hente ut Twitter-info
    Eg skal berike denne artikkelen med fungerande lenkjer seinare.
    No er det lunsj.