Ikkje berre «tjukkas-sprek»

– No går det verkeleg framover med deg, sa ein kamerat til meg i førre veke. No gjer du ikkje lenger berre slike ting som er tjukkas-spreke, no gjer du ting som er verkeleg spreke.

Akkurat der såg eg litt svart på det. Det var såvidt eg greidde å løfte steinen. (Foto: Helge Søfteland)

Han meinte nok å seie noko pent. Men av dette forstår eg at tidlegare har altså folk rost meg for bedriftene mine fordi dei syns det er «imponerande for å være så feit».  Litt som korleis filmen «Olsenbanden junior» kan få terningkast seks, sjølv om du høyrer at lyden er spelt inn i ein gymsal, og replikkane kjem eit halvt sekund etter at munnen rører seg. Bra til å være norsk. Og eg har gjort det bra, til å være feit. Eg har altså i andres auge vore ein person som ein ikkje kunne vente allverda av, ein person som på grunn av overvekta mi ikkje kan forventast å prestere som ein ville forvente av eit vanleg menneske. Eg vart med andre ord sett på som ei litt redusert utgåve av arten menneske.

– Vel, vel, tenker eg, eg var jo det. Eg var jo tross alt det, for søren! Eg driv for tida på med eit lite kunstprosjekt som m.a. inneber at eg må hente tolv kvite kvartssteinar på fjellet og bære dei heim. Kva det skal bli, skal vi komme tilbake til. Poenget er at ein dag fann eg ein diger stein, som sikkert vog førti kilo, og den pakka eg inn i ein handduk og la han i ryggsekken, og så begynte eg å gå. Det var såvidt det gjekk an. På flatene var det forsåvidt berre å halde seg i balanse og sette den eine foten framfor den andre, men så snart det gjekk bittelitt motbakke, var kvart steg eit krafttak. – Akkurat slik det var for halvanna år sidan, slo det meg plutselig. Det er faktisk sant. Det er som å bli kvitt ein førti kilos ryggsekk. Plutseleg hugsa eg korleis det var å gå i dette terrenget då eg var førti kilo tyngre, og det var akkurat som dette.

– Jo, men ein del av det var musklar, så kvart steg vart ikkje så tungt, seier du kanskje. Okei, det, men hjartet mitt var det same, og heilt sikkert i dårlegare form enn no. Så så sliten som eg vart av hundre skritt no (med førti kilo i sekken), så sliten (og endå meir) vart eg den gongen og. Og for meg blir det ikkje spørsmål om teori: Eg har opplevd det i praksis. Problemet er: Korleis skal ein forklare dette til tjukke folk? Korleis skal ein få dei til å forstå kor mykje lettare livet blir med mindre å dra på? Tenk om dei berre ein dag fekk prøve det, då hadde dei gjort kva som helst for å komme dit.  Kunne kanskje ein dag på kokain og eitt eller anna veldig muskelforsterkande dopingpreparat gi eit inntrykk?

Men okei, eg ser bakover bloggen, og eg ser kva han meiner. Det er noko litt anna å gå på Stetind, eller å gå 25 km i steinur, slike ting, enn å gå to mil på ski. (Der du tross alt glir minst halve strekningen).

Og skal ein komme i maraton-form, så må ein jo etter kvart legge inn nokre dunder-økter:

Onsdag gjorde eg noko eg har hatt lyst å prøve lenge: Eg sprang 10 x 4 minutt intervall på over 85 % puls. Det er ein øvelse forbeholdt svært spreke folk, uansett kroppsbygning.

Eg skulle egentlig prøve å perse på Fløyen (fjellet bak huset mitt, 610 høgdemeter, sist rekord 1 t 16 min, juni), men så begynte eg for hardt, og etter 22 minutt måtte eg innsjå at no hadde eg lagt opp mot 155 i puls i åtte minutt, og at no måtte eg ha ein pause. Pusta i to minutt, pulsfallet berre 37 (har vore oppe i femti, men det var då eg sprang intervall tre gonger i veka). Okei, tenkte eg, då får dette bli ei intervalløkt i staden. Stien opp der er så bratt, at med vanlig, frisk gåing kjem eg opp i puls 155 etter rundt eitt minutt. Så peiste eg på fire minutt til oppover fjellsida. Pulsfallet no 40 på to minutt. Fire minutt sprenggåing til, to minutt pause, pulsfallet 43. Etter det fjerde intervallet var eg komen så langt opp, at eg bestemte meg for å køyre fire minutts intervall heilt til toppen, med to minutts pause mellom kvart. Etter det sjette intervallet var pulsen 160, no tok eg tre minutt pause for å komme heilt under 100 og få tatt meg litt skikkeleg inn att. Derifrå gjekk det mest på viljen. Men den må trenast, den og, om ein skal greie eit maraton.  I løpet av det åttande intervallet såg eg at i løpet av det niande ville eg komme til toppvarden. Ville eg greie å mobilisere vilje til å fortsette med småspringing innover fjellet for å fullføre det tiande? Ja, det gjorde eg. Avslutta det tiande intervallet med eit ekstra minutt på over puls 155, for å få ein skikkeleg finale.

Så tok eg meg eit eple. Det smakte godt. Så gjekk eg heim, det tok 1 t 15 minutt.

Det eg ikkje var forberedt på, var kor sliten eg vart etterpå. Heilt kake.  Spiste ein lettyoghurt, ein boks tunfisk i vatn, 1/2 liten løk, 3 små tomatar og litt tomatsaus, og sat i ein stol og drakk kaffi og vatn i ein time etterpå, før eg klarte å reise meg. Men eg klarte det. Lurar på om eg skal legge om til eit anna gir no, og ta slike økter tre gangar i veka. Og så rypejakt som langtur-trening dei andre. Då begynner det vel å lukte maraton, vel?

P.s.: Steinen står på hagemuren min no. Kom tre hundre meter av garde med han før eg måtte gi meg, så bar journalist Helge Søfteland i Naturens verden han 300 meter til, og der ga vi oss. For den dagen. Neste dag gjekk eg inn med trillebår og trilla han 2 km på fjellsti fram til bilvegen. Alt går. Det er berre nokre ting som tek litt meir tid.

Og du? Sjekk dette:

Det slår meg at ein manikyrist vil reagere heilt annleis på dette bildet enn ein slankar.

 

 

Kommentarer