Arkiv | Ukategorisert RSS-strøm for denne seksjonen

I mål – så langt

Okei, eg sa at eg skulle ikkje skrive tida mi,men. Men, men, men. Eg har ombestemt meg. Det var kanskje noko eg sa for å motivere meg, som når eg alltid seier at «Eg skal berre ta ei rolig økt». Eg har sprunge 20 kilometer, og opp og ned eit 900 meter høgt fjell, og […]

Les mer

I am legend

Eg er det stoffet draumar er laga av. Av alle ting som kunne skje i livet mitt, valgte eg ut det voldsomste, mest rørande helteeposet eg kunne tenke meg, og så tok eg hovedrolla, og så kjempa eg kampen og vant. Eg slo ein heil oppvekst med mega-kalori-middagar, eg slo i hel to somrar i […]

Les mer

Ein dag i lavkarbo-helvete

Med seks dagar igjen til halvmaraton fann eg ut at no må alle knep takast i bruk. Eg las i ei bok av Dag Otto Lauritzen ein gong at karbo-loading var så effektivt at han trudde det måtte nærme seg doping. Eg gjorde som jomfru Maria: Eg tok desse orda og gøymde dei i hjarta […]

Les mer

Eg pinar meg

Det er tolv dagar til eg skal springe to mil og 900 høgdemeter i Desaignes i sør-Frankrike. Eg pinar meg no. Eg skal innrømme det. – Er det ikkje jævlig å halde på sånn? spurte ein fyr eg traff øverst i Tunvallsbrekka, etter fire minutt på puls 160, med slim slengande, svette silande og puls […]

Les mer

Kom nesten uskadd frå det

Tilbake frå Vestisen: Etter 21 døgn på havet klappa vi til kai i Tromsø onsdag før påske. Den siste veka vart ein prøvelse, eg må seie det. Fordi eg er ein mann med eit prosjekt. For det å drive systematisk trening og kosthaldskontroll om bord på ein båt, det er ei stor utfordring. Eg har […]

Les mer

Polar-eventyret ventar

Når det er seks veker til du skal springe halvmaraton i Frankrike, og du er midt i den aller viktigste opptreningsfasen, kor lurt er det då å bestemme seg for å tilbringe dei neste fire vekene på eit 73 meter langt skip, der det lengste du kan springe i ett sett (og det er viss […]

Les mer

Noko å oppleve før du døyr

Eg har fått meg hund.  Det vil seie, dotter mi har fått seg hund. Men eg får låne han. Og det gav meg ei ny innsikt: Det å samarbeide med ein hund som skjønar kva du seier til han, og som likar å gjere det du likar å gjere, det er noko som gjer deg […]

Les mer

Pain in the ass

No har eg oppdaga skilnaden (ein av dei) på meg og ein toppidrettsmann, og det er vår tilnærming til hemorrhoider. Kort fortalt, for dei 66 % av befolkninga som er så heldige at dei går rundt og ikkje har erfart kva ein hemorrhoide er: Av og til kan ei blodåre i endetarmsopningen gå litt tett. […]

Les mer

Dei lurer oss!

Det minst interessante talet her er det som står med størst skrift. Trur du det er tilfeldig? I det følgjande må vi huske på ein ting: Den aukande fedma i befolkninga er det aller, aller største helseproblemet  i den vestlege verda i dag. Det betyr, for å seie det på ein anna måte, at det […]

Les mer

Vil du ligge ute med meg?

Eg har alltid drøymt om å ligge ute i vinternatta, og sjå stjernene glitre og nordlyset blafre. Porblemet er at det virkar så g ruelig kaldt. Den einaste erfaringa eg har med overnatting vinter, felt, som det heiter, er heldigvis ikkje mi eiga. Då bror min var tretten år, kom han heim ein dag og […]

Les mer