Tilslørt debatt

Foreningen !les legitimerer ikkje berre antidemokratiske haldningar ved å sende Aisha Shezadi på skuleturné. Til sjuande og sist legitimerer dei vald.

 

ANTIDEMOKRATISK: Foreningen !Les spreier antidemokratiske haldningar når dei sender niqab-kledde Aisha Shezadi ut på skuleturné, meiner Hilde Sandvik. ILLUSTRASJONSFOTO: REUTERS/Phil Noble (BRITAIN)

Ved å sende niqab-kledde Aisha Shezadi ut på skuleturné, viser Foreningen !les at dei ikkje tar henne alvorleg. Det går også tydeleg fram av svaret leiar i foreininga, Wanda Voldner, gir i Dagbladet etter å ha blitt kritisert for kultursvik frå Hege Storhaug i Human Right Service. For Voldner er Aisha Shezadi berre ei jente som har forfatta ein «velskrevet og spennende tekst» som attpåtil får henne til å skjøne valet av total tildekkjing.

Motspørsmålet til Voldner er: Ville foreininga ha sendt Mohyeldeen Mohammad, ein av bakmennene bak demonstrasjonen i Oslo sist veke, mannen som har truga med terror på norsk jord?

Ville dei ha sendt ein Behring Breivik som hadde skrive eit «velskrevet» manifest? Eller det mest opplagte spørsmålet for å avdekkja dobbeltmoralen: Kva om jenta hadde kome frå det kristne miljøet som no hevdar at Utøya-massakren er eit teikn frå Gud? Ville vedkommande ha fått taletid til å misjonere for unge skuleelevar i det som ifølgje Voldner er eksempel på eit «raust debattklima»?

Aisha Shezadis syn, ikkje berre på klesplagg, er etter kvart blitt kjent, først gjennom artikkelen «Du, jeg og niqab», som ho skreiv til antologien «Utilslørt. Muslimske RÅtekster». Ho har dei siste dagane også fått uttale seg om kva ho meiner om norsk deltaking i krig i Afghanistan (ho karakteriserer Taliban som «Guds løver»). Og ho meiner – som god salafist (fundamentalistisk rørsle i sunni-islam) – at muslimar ikkje bør krangle i allmenta, men stå fram med ei stemme. Venstre-politikar Abid Raja, ein av dei som har opponert mot dette synet, kallar ho «kuffar», vantru.
Aisha Shezadi høyrer til den prosenten ytterleggåande muslimar ein til dagen kan lese om på nettstaden islam.net. Det er desse som den siste veka har fått mediemerksemd på seg mellom anna for å sjikanere ei ung tidlegare muslimsk jente som er blitt valdteken.

Sjølv møtte eg Aisha Shezadi i debatt på Ukeslutt i fjor etter at eg hadde skrive ope brev til henne. Der skreiv eg mellom anna at eg ikkje ønskjer å stille spørsmål til henne før ho stiller spørsmål til meg, fordi eg opplever at ho snyltar på demokratiet og menneskerettane ved å ønskje rettar for seg sjølv (toleranse) som ho ikkje vil gi andre (ikkje-truande). Programleiaren spurte om ho ville vite noko om meg. Ho lurte som venta ikkje på noko.
«Det er fantastisk å snakke for folk som er lutter øre», sa Aisha Shezadi til Klassekampen sist veke om det å vere på skuleturné.

Noko anna enn lutter øyre har ho også synt at ho ikkje er interessert i.