Pengane har gått deg til hovudet no, herr Oslo

Beste herr Oslo, kva er det eg les? Her har eg ikkje før kome inn døra rett frå eit heftig stemnemøte med Amsterdam, før eg blir møtt med spørsmål om eg har gått hen og gifta meg med deg. Parterapi, eg og du? «Enig og tro til Langfjella faller»?

 

HERRE OSLO: Kor har du det frå? At EG skulle ha lova deg evig truskap, ein umogen oppkomling av ein kornbonde, med så lita utstråling at det er eit under at heisdørene går opp for deg. Du veit godt at det er mitt fløyelssvarte djup, som gjer deg ør. Bilete frå Mongstad: FOTO: SILJE KATRINE ROBINSON

Du veit like godt som meg at det eg og du har saman, er eit fornuftssambuarskap. Du har kara til deg pengane, eg har tiltrekkingskrafta og evne til å dra inn meir pengar.  Tenkjer du deg om, veit du godt at det er slik: Det er mine struttande former og surklande kløfter som gir deg lys i augo og oppvarma asfalt. Det er mitt fløyelssvarte djup, som gjer deg ør.

Der du kjem frå er damene flate som strykejarn. At du kasta augo mot meg, kan eg skjøne. Min gode mann, dei kusinene frå flatbygdene du har hatt frå vane å gifte deg med, er ikkje særs mykje, verken å sjå til, eller å feste med. Men at EG skulle ha lova deg evig truskap, ein umogen oppkomling av ein kornbonde, med så lita utstråling at det er eit under at heisdørene går opp for deg?

 

Pengar har du, men det er også alt, og pengane har gått deg til hovudet no, herr Oslo. Du oppfører deg som at du, Staten i eigen person, er blitt ein storkar som deler ut vekepengar til undersåttane. Du har byrja å få det draget rundt augo alle menn som har kome seg raskt til makt og pengar har: Ei grenselaus barnaktig sjå på meg-haldning, som på ingen måte kan forvekslast med god sjølvkjensle. Den sjølvtilliten som er avhengig av ytre stimuli heile tida, for ikkje å falle saman som ein sokk. Eg er lei meg for at dette kanskje krenkjer deg, men høyr på språket ditt: «Sorry, Vestlandet», «I get it», «Even Steven». «Seriously» «Bitchslapping»????

Alvorleg talt, dette er meint som eit venskapeleg råd: Slik snakkar ikkje ein mann med sjølvrespekt. Slik snakkar ein kornbonde som trur han er hipp. Om eg hadde lita lyst på deg før, gjer det meg ikkje meir lysten.

 

Du trur at når allslags folk kjem rekande til deg frå utlandet for å vitje deg, så er det fordi du er blitt populær. Det er skattekista dei er ute etter, ser du, og eg tykkjer det er på grensa til pinleg at eg må vere nøydd til å skrive dette til deg.

At du har misforstått dei venlege smila mine, som om eg ville ha noko meir forpliktande frå deg, seier mest om kor dårleg vane du er med at folk bryr seg. Eg plar smile til den eg vil, også når det er noko eg vil ha. Eg smiler også fordi eg har grunn til å smile over gåvene eg heilt naturleg er utrusta med.

 

Men når du snakkar å bli gammal saman med meg, gløym det: Eg aner kva du vil: Du vil ha pass og stell i alderdommen, du. Du vil at eg skal vere den som tørkar deg bak og kjem på pletten når du rotar rundt etter høyreapparatet. Eg kan seie det først som sist: Det kjem ikkje på tale. Før skal eg danse på demningane i fjellheimen min og sørgje for at Europa framleis får lys i augo om morgonen.

Orsak at eg «tar familiekrangelen i offentligheten», som du skriv, men eg er redd dette er einaste måten å få deg til å høyre etter. Å blamere seg framfor andre, er noko av det menn som deg likar særs dårleg.

 Eg har alltid har vore fri til å ha meg med kven eg ville som rek i land i kysten mi

 

Sanninga er at du og eg aldri har vore gift. Eg har alltid har vore fri til å ha meg med kven eg ville som rek i land i kysten min. Og om eg skulle ha inngått i eit fast forhold, ville det ha vore med Amsterdam eller Hamburg eller andre gentlemen eg plar vitje og ha det moro saman med.

Du viser til at vi blei sambuarar i 1814, det var tungt for meg. Det øydela mitt gode forhold til København. Han har langt meir å by på enn deg. Det er også noko av det som sårar deg, veit eg, men du kjem aldri til å bli København, uansett kor mange milliardbygg du strør rundt deg med. Du har ikkje danninga som skal til, du er ikkje kultivert fordi om du også no går i operaen.

 

Det verste med brevet ditt, som eg no har lese fleire gonger for å skjøne kor du vil, er dette: Du hevdar å ha farskap til mine søsken, Trøndelag, Sørlandet og Nord-Noreg. «Vi må holde sammen av hensyn til barna», skriv du.

Kva slags incestuøst forhold insinuerer du at eg har til søstrene og brørne mine?

Men det er også klassisk deg, paternalistiske menn har det med å oppdra alt rundt seg som om det var eigne barn.

 

Eg har vore raus lenge, og kjem framleis til å vere raus. Det ligg i min natur. Eg kjem også til å vere raus mot deg, og vi kan halde fram i dette fornuftssambuarskapet Men eg må skuffe deg: Din blir eg aldri.

Capisce?