Europas kjerrevegar

 

Om Noreg har dei dårlegaste og minst effektive vegane i Europa, er det ingen, heller ikkje Albania, som slår Vestlandet i denne konkurransen. Opplysningsrådet for Vegtrafikken, OFV, har utarbeidd ein rapport som viser at dei to stamvegane i Hordaland og Sogn og Fjordane er dei mest svingete, dei smalaste og dei mest holete i heile landet. Tilstanden skuldast ikkje berre statsmakta. Fjord-, fogderi- og fylkesnærsynet har stått i vegen for Vestlandets fellesinteresser.

Oslo er landets vegnav, det er der vegane endar og startar. Slik har det sett ut frå Oslo, slik har det gjerne sett ut frå resten av landet også. I dette perspektivet får stamvegar som går utanom hovudstaden eit reservepreg, både for statsmakta og for dei regionale maktsentra. Kyststamvegen og andre europavegar mellom Kristiansand og Trondheim har ikkje hatt same status som tilkomstvegar til Oslo.

Manglande vegsatsing, både til nyanlegg og vedlikehald, viser att i heile landet. Rett nok har dei statlege løyvingane auka vesentleg dei siste par åra, og bompengeprosjekta blir stadig større og meir omfattande. Men det er mykje å ta att, og det må skje ei ujamn geografisk fordeling av dei statlege løyvingane dersom dei skal gje utteljingar som monnar i vegbreidder, svingradier og asfaltdekke.

Hittil har Vestlandet tapt i den statlege fordelinga. Naturen har gjort det ekstra dyrt å byggja vegar i landsdelen, og tilknyting til Oslo har gjerne blitt høgare prioritert enn dei interne sambanda vestlendingar imellom. Dei store byane og regionale sentra har dessutan hatt hendene fulle med bompengeringar i det nære omlandet. Ei reise mellom Kristiansand og Trondheim er ei reise mellom ferjer og bompengestasjonar, den desidert dyraste europavegsekspedisjonen nokon landsdel kan oppvisa.

Slike ekspedisjonar er også dei mest langdryge i Europa, ifølgje Opplysningsrådet for Vegtrafikken. OVT har rekna seg til ein gjennomsnittsfart på 61,2 kilometer i timen i Hordaland, 62,9 kilometer i timen i Sogn og Fjordane. Til samanlikning er gjennomsnittsfarten på stamvegane på Austlandet 72,2 kilometer i timen. Og austlandsfarten ligg langt under standarden i andre land i Europa.

Vestlandet har greidd å etablera seg som landets fremste eksportregion trass i kjerrevegane, men kan ikkje ta ut det potensialet som stamvegar med gjennomsnitts norsk, enn seia gjennomsnitts europeisk, standard ville medføra. Smale, svingete og holete vegar fordyrer ikkje berre transporten, dei deler Vestlandet opp i for mange og for små regionar, avskorne frå det hopehavet som tettare samband ville innebera for vidare vekst. Tenlege stamvegar blir stadig meir påkravde for at Vestlandet skal henga med i utviklinga, og for at Noreg skal nyttiggjera seg dei ressursane Vestlandet representerer.

Alle fire fylkeslag i Arbeidarpartiet har kyststamvegen på tolvpunktslista for næringsløft for Vestlandet. Denne regionale samlinga vil gje utteljing, meiner næringsminister Trond Giske (Ap). Når også samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) vil ha vestlandsvegane lenger fram i køen, må regjeringa kjenna seg forplikta til auka innsats. Giske og Kleppa bør læra av Albania.Vestlendingar må læra at felles interesser krev felles innsats.