Toåringar utan kontantstøtte

Fjerning av kontantstøtta for barn mellom to og tre år er eit riktig val av regjeringa. Kompromisset som er utarbeidd av SV og Sp inneber til gjengjeld at kontantstøtta for barn mellom eitt og to og aukar med 1700 kroner månaden, til 5000 kroner. Det kan bli ei varig løysing.

Innstramminga skjer ikkje minst av omsyn til innvandrarmødre. Fleire offentleg utval har tilrådd fjerning av kontantstøtte for å få fleire innvandrarkvinner i arbeid og for å fremja norskopplæringa for barna deira. Ein ny rapport stør dessutan opp under synet på at barnehagar er til barnas beste, alt frå eittårsalderen.

Den endra politikken inneber at det må skaffast barnehageplass for svært mange av dei bortimot 15.000 toåringane som foreldra hittil har teke imot kontantstøtte for. Det vil innebera nye milliardutgifter for staten, og ein ny omgang med å skaffa fleire barnehagar for kommunane. Oppgåva er så stor at det ville vera lite tenleg å fjerna all kontantstøtte i ein omgang. Konsekvensane av berre eitt års ekstra fråvær ved barnefødslar bør heller ikkje overdramatiserast.