Svolten av å ikkje trene

Eg blir meir og meir sikker på at hard trening dempar apetitten.

Det er ikkje mindre enn 24 timar sidan eg sklei inn på Langeland skistadion etter ein to timars tur med innlagte 150-pulsspurtar (den eine på over 8 minutt) og nærmast hallusinerte om cheeseburger. Då eg var i militæret vart ein burger på gatekjøkenet i Bardufoss oppkalla etter meg. Den heitte Basse Burger. (Folk kalla meg for Basse den gongen. Eg hadde i grunnen tenkt at ingen nokon sinne skulle få vite om det. Ikkje sei det til nokon.)

Ein skikkeleg Basse Burger besto av ein dobbel  cheeseburger (med ost på begge burgerane, ja), med alt tilbehør, og så, dessutan: Steikt løk, steikt champignon og steikt mais. Dette spiste eg alltid når vi kom ut frå Jacobine’s sånn i tretida om morgonen, og sola var komen høgt på himmelen.  Eg vil tru at den i seg sjølv inneheldt nok kaloriar til å halde ein 20-åring gåande til langt ut i neste veke. Og det kunne komme godt med, med lungemos og sundkokt makrell til middag annakvar dag.

Ein slik var det eg fyste på, der eg vrei av meg det våte treningstøyet og sette meg i bilen. På veg heim stappa eg i meg ei banan, og vel heime lo eg litt for meg sjølv av Basse burgeren, og så laga eg meg ei diger skål (stamp) salat (isbergsalat, tomat, agurk, ein heil raud lauk, paprika og valnøtter, toppa med ketchup/chili/soyasaus/sesamolje-dressingen min), samt seks sneier kalkunfilet og eit kokt egg.  Og så greier eg ikkje å ete opp!

Eg blir så fort mett, at eg kjenner meg rett og slett snoten (snytt, for våre bokmålslesarar). Eg som skulle sitje og fråtse og kose meg og bli skikkelig god og glinsande i fjeset, åleine som eg var? Men det er ikkje første gang. Eg blir rett og slett fortare mett etter ei hard treningsøkt. Vi snakkar ikkje om ei kose-økt, ein tre kvarters lett tur i solskin. tømmer du kjøleskapet, då.

Det som gjer meg heilt sikker på samanhengen, er at i helga skjedde det motsette. Torsdag var eg med dottra mi på ein boot camp saltime på Spenst, og det kan best beskrivast som sirkeltrening på speed, avslutta med 20 minutt boksing for zombiar. Zombiar, fordi etter sirkeltreninga så var eg – og fleire eg såg rundt meg – så slitne at dei rava rundt som punchdrunke alt før dei første hookane landa.

Eg burde sjølvsagt illustrert denne bloggen med eit bilde. Eg tenkte rett før timen begynte at eg skulle be nokon ta eit bilde av meg, men så begynte timen, og etter det tenkte eg ikkje ein fornuftig tanke før lenge etter at eg var komen heim. Så bildet gløymte eg heilt. Det var så kjekt å sjå kor stolt dottra mi var av den gamle pappaen sin, som prusta og peste og peiste på det han orka, at eg tok meg fullstendig ut. Etter ca. 40 minutt fekk eg litt synsforstyrrelsar, sikkert pga oksygenmangel, så dei siste 20 minuttane la eg meg litt lavare i intensitet. Etterpå kjendest det som om eg hadde knekt eitt eller anna i korsryggen, eg hadde tendens til lammelsar i høgre låret, eg kjende plutseleg ein fem år gamal lyskestrekk, og resten av kroppen kjendest som om tre drosjesjåførar hadde brukt han som trampoline.

Siri Marte sa at det måtte eg aldri gjere meir utan å ha spurt ho først, og at no skulle eg halde meg i ro til det ikkje gjorde vondt i kroppen meir. Det tok heile fredag, heile lørdag og langt utpå søndagen.

Alr fredag begynte apetitten å melde seg. Svolten? Eg kan seie at heile fredag, lørdag og søndag gjekk eg og telte timar til neste måltid. Eit par solide sprekkar vart det og. Vi snakkar chips, cashewnøtter og pytt i panne. Såpass alvorleg var det. Sjuk av anger har eg køyrt seks timar hard trening dei siste to dagane, og i dag viser vekta 113,8 kilo, mot 113,4 sist veke.  Dei 400 gramma kan nok tilskrivast væskebalanse og slikt, men noko vekttap har det i alle fall ikkje vore. Nok ei påminning om at det er på marginen du tek av. Dei 500 gramma du tek av i løpet av ei veke, det er akkurat dei sprekkane du ikkje går på.

Men, men. No er vi back in business igjen.

Kommentarer