Lat oss dele påskeplanar

Det er litt kjekt å sitje og sjå på langtidsvarselet og vite at no gjeld det å finne mange, lange, tunge, herlege påsketurar.  Lat oss dele gulltipsa med kvarandre. Eg først:

Utsikt frå Johannesberget mot Sognefjorden.  På verdas tak.

Utsikt frå Johannesberget mot Sognefjorden. På verdas tak.

– Kva skal du gjere i påska, spurte ein kamerat meg. Kva eg skal gjere? Ja, kva gjer ein mann som er på eit treningsprogram som foreskriv 3 timar trening dagleg, når alle har fri, og sola skin, og fjellet ligg der, kvitt, solsteikt og herleg? Han pakkar sekken med godis, tørre ullklede og Real turmat, spenner på seg fjellskia, dreg med seg familie og vener, og så ser han seg ikkje attende, det er det han gjer. No skal du høyre om mi drømme-fjell-påske.

På Gaularfjellet i Gaular ligg Johannesberget. Du finne det ved å taste inn søkeord «Sværaeggi» her: Dit kjem du ved å køyre opp Rv 610 Eldalsdalen så langt vegen er åpen, eventuelt stoppar du ved den siste store avkjørselen før du kjem til brøytestasjonen (der det begynner å gå nedover igjen. Så går du over dalen sørover mot Sværeskaret. Komen opp på knekken i skaret tek du til høgre rett opp den laaange og braaaatte bakken (764 – 1205 moh) opp til Flatefjellet. Der set du deg på ein stein og tek deg ein matbit og ein halv liter saft, for det har du fortent. Så er det klart for promenademarsjen sørover Sværa-eggi. Eit par kilometer føles det som om du går på verdens tak, du ser ned på fjella rundt deg og du er høgare enn alt. På enden av ryggen kjem du til ein knott, og det er Johannesberget. Her spenner du av deg skia og går trappetrinna som folk har trakka i snøfonna opp til topp-platået, og så ruslar du inn til toppen, der du kan sjå dei 1446 høgdemetrane ned i Sognefjorden. Det kjennes nesten som du kunne hoppa ned der. Utsikta er fenomenal. På ein klar dag såg eg Hurrungane herfrå. Dette er ein fem-seks timars tur, best (som alle vårfjellskiturar) å ta tidleg på dag. Om formiddagen brukar det være eit fire-fem timars vindu (mellom nattefrost-isskare og ettermidags-solsteik-slush) der snøen er god å gå på.

Ein anna plan eg sit og legg, som også inkluderer så rikelege mengder middels intensitet og høg puls-aktivitet at det fint kan passere som ein hvilken som helst dag i Siri Marte sitt treningsprogram, er denne: Eg og ein kamerat skal gå frå Årdal i Jølster kommune, inn til Longevasshytta, vidare nordover Blådalen og vidare vestover Måsevassdalen fram til Storevatnet i Gjengedalen i Gloppen kommune, der ein anna kamerat har hytte. Der skal vi ete ein lett salat og køyre nokre seriar med sit-ups og knebøy, før vi går tidleg til sengs. OK, det blir kanskje litt biff og raudvin og :-D. Neste dag går vi sørover til Vonaskaret, ned til Vonavatnet og fram til Nes, inst i Naustdalen i Naustdal kommune.  Tre kommunar på to dagar.

Og hvis, og eg seier berre hvis, desse turane seier meg at formen er der det virkar som han er når eg er ute og syklar, nemleg på mitt livs formtopp, så kanskje eg tør meg på den ultimate vårskituren her omkring: Blegja. Du går opp frå Solheimsdalen i Førde kommune, rundar Lisjehesten (i Gaular kommune) og går inn på platået sør for Lisjehesten, og så rett vestover opp Kvamsskaret, og så rett vestover mot Heilevangsstaurane, og så gjer vegen rett vest til Blegja (i Askvoll kommune)  seg sjølv. Her fyk det som regel til ein skavl som heng langt utover stupet, så følg sporet, og HALD DEG PÅ INNSIDA AV STAURANE SOM STÅR DER. Dei markerer nemleg kor det er fast grunn under snøen. Utanfor der er det berre litt  snø (stadig mindre), masse luft og mange hundre meters fritt fall under beina dine.  Ein kamerat av meg som fyk småfly, har sett skispor heilt utpå kanten av skavlen der. Dei som gjekk der, hadde ein meter snø og fem hundre meter luft under seg. Det skulle dei ha visst 🙂 Fyldig turbeskrivelse med flotte bilder finn du her: Tre kommunar på ein dag. Dryg tur.

Denne turen er så lang (eg tippar fem-seks mil alt i alt) at mange startar før det lysnar, for å være sikre på at dei kjem heim før det blir mørkt.

Men kor skal du? Kan DU anbefale ein flott dagstur? Kom igjen! Bruk kommentarfeltet. Eg kunne no kanskje tenkt meg eit fint lite påskot til ein Hordalandstur og, eg.

Utsikt frå Blegja. Turen startar bak fjellet til venstre for midt i bildet, og følgjer ryggane framover til der bildet er tatt.

Utsikt frå Blegja. Turen startar bak fjellet til venstre for midt i bildet, og følgjer ryggane framover til der bildet er tatt.

Kommentarer