Tatt opp i De Tøffes Selskap

Det er så godt å være komen i bra form. Endeleg gidd venene mine ha meg med på tøffe turar i fjellet.

Solfylte dalar ventar den som strevar i motbakke og tåke.

Solfylte dalar ventar den som strevar i motbakke og tåke.

Eg beskreiv før påske turen Vonavatnet i Naustdal – Longevasshytta i Jølster – Storevatnet i Gloppen – Vonavatnet.  Turen går over tre dagar og inneber overnatting på to hytter. Longevasshytta, ei DNT-hytte som ligg to (harde) timars tur nord for Årdal i Jølster. Dit går turlaget kvar påske, og eg har høyrt mange solbarka, skinnmagre tøffingar fortelle historier derfrå. Når eg tenker meg om, har eg vel ikkje høyrt så mange bleikfeite, sofadvaske veikingar fortelle historier derfrå. Den andre hytta ligg ved Storevatnet i Gjengedalen, og den har ein kamerat av meg bygd med sine eigne, solbarka nevar, dratt kvar einaste planke hundreogfemti meter gjennom myr og tuer med sin skinnmagre kropp, mens han sov i ein sovepose under eit tre og åt gulrøter og rosiner til middag.

Der har eg vore mykje, for dit går det bilvei heilt fram (minus dei omtalte 150 metrane). I mange år var det nok til at eg følte eg hadde slete litt på veg til hytta. Og der er det sjølvsagt at eg har sote med store auge og høyrt kameraten min fortelje historier om passasjen frå Longevasshytta gjennom Blådalen, og den farefulle ferda gjennom fjellpassa frå Storevatnet over til Vonavatnet.

– Det gjer vi neste helg, har eg brukt å seie. – Ja, det gjer vi, seier kameraten min. Men han har aldri tatt meg med. Det er ingen som tek ein dissande fettplugg på 140 kilo med på ein fleire timars fjelltur. (- Da ska berast heim og!, som dei seier her omkring, når moltebøttene begynner å bli fulle. Eg trur i alle fall dei seier det. Eg kan godt tenke meg at nokon har sagt det. Det ville vere ein typisk Sunnfjord-ting å seie. )

Eg skjønar no at eg ville vore ein klamp om foten på dei. Men palmefredag og palmelørdag (kan ein seie det? Eg sa det, i alle fall. (Og dessutan: Viss eg hadde skote Olof Palme, ville eg gjort det på Palmesøndag. Då skal eg banne på at storparten av dagens ungdom ville trudd at det var derfor det heitte Palme-søndag.)) gjekk eg og ein sånn skinnmager gjennomtrent fjell-kompis (det er faktisk stort sett slike vener eg har) eit par harde turar (deriblant mitt livs femkilometer med den litt kjedelege vondt-i-brystet-episoden), og etter akkurat den turen bestemte han seg for at OK, mandag går vi Vonavatn-Longevass-Storevatn-turen.  Eg skjønar no at han har sett meg an.

Så ringer eg ein anna kompis som har leia sikkert 100 DNT-turar (men merkeleg nok aldri tipsa meg) og spør om å få låne kart, og så går det ti minutt, og så ringer han tilbake og spør om han kan få være med. Og dermed skal eg plutseleg på tøff, tredagars fjelltur med to av dei hyggelegaste karane eg veit om.

Korleis turen vart? Pga vondt-i-brystet-episoden gjekk eg med pulsklokke som peip når pulsen kom over 140, og den lydde eg (stort sett). Videoen under beskriv forsåvidt godt korleis dei to første dagane var, og bildet øverst viser korleis det var idet vi kryssa Inste Svartebottsskaret (940 moh (og 50 m oppe i skylaget)) på veg heim att.  Og tre dagar, 53 kilometer og femten timars hard gange seinare venta fire ungar som var stolte over pappaen sin som går slike monstrøse turar, og ei kone som eg elskar og som blir reint raud i toppen av ein mann som blir tynnare, sterkare, sprekare og penare for kvar veke som går. Dette livet kan eg venne meg til:-) Vekta i dag, forresten: 111,6 kilo. Ned 14,2 sidan februar. Og søndag kl 2000 kan du sjå første innslag om prosjektet mitt i TV-programmet TV2Sporty.  På TV2, altså.[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=tj-mhjL5-JM[/youtube]

Kommentarer