Det nye livet

Det nye livet er her. Livet eg drøymte om, då eg sette i gang med dette her. Livet som sterk, sprek, opplagt, blid overskudds-pappa. I helga gjorde eg noko eg har drøymt om i mange år: Eg pakka ein stor ryggsekk, tok med meg dottra mi og gjekk på Nipebu, ei av dei flottaste DNT-hyttene i Sogn og Fjordane.

Tøff jente baskar seg gjenom tett einerkratt.

Det er ein del viktige skilnader på å være feit og lat og tung i ræva, og det å være sterk, sprek og spretten.  Ein av dei viktigaste (for meg) er at eg no ser på det å pakke ein 20 kilos sekk og gå fire timar inn i fjellet som ein fristelse, og ikkje eit grusomt ork. Så i helga gjorde eg akkurat det.

Eg er så heldig at eg har ei dotter  som heiter Rose, som elskar å gå på fjellet. Rose er med på alt, så sant det ligg innbakt i opplegget at ho får fiske, og steike småørret i folie. Søndag pakka vi sekkane våre smekkfulle med godis, og så la vi i veg. Nokon hadde sagt til meg at stien frå Rivedal skulle være så fin og lettgått, så vi  tok sikte på den. Ifølge Ut.no skal ruta være 6 kilometer lang, og være gått på ca. 2,5 timar.

«Delvis merket», kom eg etter kvart på at det sto på nettsida. Ved enden av skogsvegen (første del, tyngst og brattast) gjekk det opp for meg kva det betyr. Det betyr at når som helst, så kan det hende at du ikkje ser hverken sti eller merke. Og då hjelp det jo lite å vite at her og der, lenger framme (for den som veit kor det er) fins kanskje eitt og anna (delvis) merke.

– Det er sikkert bort der, sa eg til Rose. Det var det ikkje. Vi rota oss inn i eit einerkratt som eg – på grunn av at dette var ein slak, rund kolle – ikkje såg at strekte seg fleire hundre meter innover. Ein halv time brukte vi på det, og då vi endeleg kom ut av det, stakk det einernåler ut av alle punkt på kroppane våre. Det er ei flink tolv år gamal jente som kjem seg gjennom det med ein ti kilos sekk utan å klage.

Etter kvart fann vi stien, og det skjedde ikkje noko meir spanande enn at eg i ein sleip myrbakke plutseleg gjorde eit så spektakulært rundkast at eg umiddelbart flekte opp sekken for å sjå om dei tolv egga mine hadde overlevd. Det gjorde dei. 3 timar og 48 minutt brukte vi. Ifølge GPSen var 2 t 37 min effektiv gåtid, og 1 t 11 min pause. 7,9 kilometer var det og. Og heile vegen opplevde eg noko heilt nytt: Eg gjekk med heva hovud, og hadde overskot til å glede meg over naturen rundt meg.

Å komme inn til Nipebu ein sommarkveld og finne at ein har hytta heilt for seg sjølv, padle ein rolig kveldstur i solnedgangen på eit blikkstillle fjellvatn, og avslutte kvelden med foliebakt, sjølvfiska småaure, stearinlys og kortspel, det er akkurat så idyllisk som det høyrest ut som.

Neste dag rodde vi ut på langtur. Langevatnet er 2,4 km langt, og i vestre enden skal det visstnok være bra med fisk. Heilt nederst på vatnet tok vi oss god tid, og gjekk litt langs land og kasta med makk og dobb. Vi såg ikkje opp på himmelen over oss. Det skulle vi kanskje ha gjort.

– Der kjente eg ein drope, sa Rose. – Du skal berre sjå det kjem litt regn, sa eg. Det siste ordet trur eg ikkje ho høyrte, for før setningen var ferdig HAMRA regnet ned. Ei styrtbyge, intet mindre. Litt dumt, då, å befinne seg 1,4 km frå hytta, og utan regnklede. Eg rodde alt remmer og tøy kunne halde. 20 minuttar brukte eg opp til hytta, og det var akkurat så lenge som byga varte.   Nydusja og friske sat vi på trammen og såg landskapet glitre i sola, beint fram vakkert vil eg seie det var. Det var komt eit par i tredveåra der, «Storfiskarane frå Rivedal/Skuteviken/Hardanger», som dei fort blei kalla, og som stakk av garde i kajakken umiddelbart.

Hengte kleda til tørk, ny fisketur. Tok på oss det siste tørre vi hadde, ikkje regnklede denne gongen heller. Tungnem, er ordet du leitar etter.

– Der kjente eg ein drope, sa Rose tjue minutt seinare. Eg fossrodde tilbake til hytta, så vi fekk berga klessnora. Så ut igjen. Utan regnklede. Tett i pappen, er kanskje ordet du leitar etter.

Så, heilt i austenden av vatnet, kom det ein drope til. Og så ti. Og så ti millionar milliardar. På ein gong.

– SKAL VI LEGGE BÅTEN TIL LAND OG KRYPE INN UNDER DEN STEINHELLEREN DER? ropte eg til Rose. Det seier litt om veret at ho brøyta seg gjennom edderkoppnett (med levande edderkoppar i) for å komme seg lengst mogeleg inn under steinen. Så der sat vi, tørre og fine, og såg stormbyga herje med landskapet. Tromminga vart til ein larm, ei skodde av plask låg 20 cm høgt over vassflata, og så begynte det å hagle. Hagl nesten så store som rosiner. På eit tidspunkt var vassflata kvit av hagl, og larmen gjekk over til eit knitrande spetakkel av hagl som traff steinar og andre hagl.

– TENKT PÅ DET ANDRE PARET SOM ER UTE I KAJAKK NO, ropte Rose over larmen frå veret.

– JA, HAHAHAHAHA!, sa eg, og så lo vi godt. No kan du seie at det var kanskje litt ondskapsfullt, men det var berre komisk å tenke på kor infernalsk forferdelig dei måtte ha det.

Etter 20 minutt dukka dei opp. Eg trudde dei skulle komme grinande, men dei hoppa rundt av begeistring. Dei hadde hatt sitt livs fisketur. Ti pene aurar hadde dei fått, som dei kom hoppande inn under steinhelleren og viste oss. Veret nevnte dei vel knapt.

Ny kveld, nye stearinlys, nye ovnsbakte aurar, nye kortspel, nye vener. Dette DNT-hyttelivet kan eg venne meg til.

Full fart heim til Nipebu

 

Kommentarer