Maraton-jumparen


Maratonmannen slit malingen av trappene på MS Nordsyssel med all springinga si.

På selfangst fins det ein jobb som er rekna for å være heilt urimeleg knallhard, og det er rolla som jumper. På ei selfangstskute er det gjerne slik at mannskapet går framfor på isen og avlivar og flår sel, og så samlar dei skinna i dungar som blir knytt saman til eit knippe.

Så kjem skuta etter, og jumperen sin jobb er å springe på isflaka ut til skinndungane med ein vaier, feste skinna på, og så vinsjar skuta inn knippet, mens jumperen spring etter for å være klar til neste runde. Dette er så tung trening at sjølv verdsmeistrar i skiskyting får kjenne blodsmaken. Aleksander Os har nemleg jobba som jumper, og brukt det som god trening.

– Kan det være så tungt, då? spør eg, å småspringe 50 – 100 meter fram og tilbake?

Eg trur det var der forskarane bestemte seg for at eg skulle få prøve meg ein tur på isen.

Det begynte, som eg har skrive om før, med ein liten ekspedisjon langs skutesida for å finne breis til forfriskningane. Som opplæringansvarlig var utnevnt Oddleif, matrosen her, som har vore tretti sesongar på selfangst. Han slengte ut ein stige som sto med eitt bein på ei slags issørpe, og eitt som sklei fram og tilbake langs skutesida ettersom dønningen flytta på oss.

– Værsågod, min herre! Sa han. Eg såg skeptisk på stigen, og skulle til å seie noko om sikkerhetsreglar og slikt, men då ropte han:

– Nei, nu må du FAAN ikkje stå her å KUUKe!

Eg tok dette som ei oppmoding om å sjå litt stort på sikringstiltaka vedrørande stigen.

Ned på flaket, første flak greit, men så kom eitt som var mindre enn eit bilpanser, og som vogga faretruande idet eg kjende litt på det med foten.

– Nei, nu må du FAAN sjå å kom dæ utpå!

Eg valde å ta dette som ei forsikring om at flaket ikkje kom til å velte.

Og ganske rett, eg sakk ikkje i lengre enn til midt på leggen før eg var komen vidare til neste flak.

– Ja, hadd du blidd å reist på sælfangst, så va du drukna før ho va ni om morran, de e nu berre faan så greitt, var sensor sin dom då eg kom ombord att.

– Gjekk det bra? spurte kapteinen då eg kom ombord att.

– Ja, men eg trur ikkje det er mange som har tatt sin første tur på isen under ei verre skur av skjellsord enn det der.

Då lo kapteinen godt:

– Jau, det skal æ love dæ at de e. De va sånn main fekk folk utpå, de va no ofte ikkje anna råd!

Så, i dag, skulle eg få prøve ein litt lengre tur, og kjenne korleis dette kan være trening for verdsmeistrar i skiskyting. På dette toktet skal vi nemlig ikkje berre telje sel, men også ta biopsi (vevsprøvar) frå femti selungar. Eg vart sendt med som isbjørnvakt.

Og det å hoppe frå isflak til isflak saman med to karar som har sprunge på isen i årevis, det vart temmeleg fort bra mosjon. For med ein tung kjeledress, tunge støvlar, fotobag, signalpistol og ei rifle i bag på skuldra blir det fort tungt å ta seg fram over isflak som enkelte er så små at du rekk berre eit kjapt steg før du må hoppe vidare til neste flak før det går rundt. Nokre flak er høge å komme opp på, andre må du hoppe langt for å komme over til, og etter to timar på isen kjende eg at langundertøyet var søkkvått.

Så kom helikopteret, og eg fekk mitt livs nest mest eksotiske lunsj: Varm hamburger og ein boks iskald brus, flydd ut med helikopter til arbeidsfolket på Vestisen, med ein kvitunge liggande fem meter frå meg.

– Kva blir meir eksotisk enn det? spør du kanskje.

Jau, det kan eg fortelje deg: September i fjor: Nistepakke og kaffi kokt på primus på Hall’s fortopp rett under Stetind i vindstille og skyfri himmel. Det slår alt.

Men formiddagsøkta er i alle fall unnagjort. I ettermiddag skal eg knuse helikopterteknikar Gunnar sin hundre-etasjersrekord. Først gjekk han 25 gangar fire dekk på 34 minutt. Så gjorde eg det på 32,40. Så kvilte han ein dag, og så sprang han det på 28 blank.

I dag skal eg først koste og gå over løypa med handduk, så eg kan springe så fort eg vil utan å være redd for å gli og dette. Så skal eg varme opp i ein halv time, avslutte med eit drag opp mot makspuls, og så skal eg kvile i to-tre minutt, skifte til shorts og joggesko, og så skal eg storme opp og ned dei hundre etasjane så fort som det i det heile tatt let seg gjere.

Trur eg skal greie det ned mot 25 minutt.

SISTE: Eg tynte meg hardt. Sprang første runden på 54 sekund, kjente at gjer eg det to gonger til, så besvimer eg. Roa ned litt, etter ti rundar hadde eg brukt 10 minutt og ti sekund, altså snittrundetider på 1,01. Var veldig sliten, og roa litt ned, til 1,04 – 1,05-rundar, og på 19. runde hadde eg brukt 19,43. Tok ut alt eg hadde på dei siste seks rundane, og kom i mål på 25,34, altså ei snittrundetid på 58 sekund på dei siste seks.

Pulsfall på 50 dei første to minutta etterpå, frå 162 til 112. Skalv hardt i ti minutt etterpå, fullstendig pumpa. Eg kan ha lagt på meg to-tre kilo på denne turen, men formen er i alle fall bedre enn han var då eg kom ombord.

Kommentarer