Kom nesten uskadd frå det

Tilbake frå Vestisen:

Etter 21 døgn på havet klappa vi til kai i Tromsø onsdag før påske. Den siste veka vart ein prøvelse, eg må seie det. Fordi eg er ein mann med eit prosjekt. For det å drive systematisk trening og kosthaldskontroll om bord på ein båt, det er ei stor utfordring. Eg har ein sykkel-kompis som er skipper på ein fiskebåt, og neste gong eg møter han, skal eg bøye meg i støvet. For det at han greier å halde seg i form (og tynn) når han er på båten, det står det jammen respekt av.

I Vestisen. Hakapiken var til å manøvrere mellom isflaka med. Eg ville aldri slått ein sånn i hovudet på ein selunge. Ikkje utan betaling, i alle fall.

Lat oss hoppe rett til status:

Det lavaste talet eg har sett på vekta etter at eg kom heim, er 90,7 kilo. Før turen var eg nede i 87,7. Eg har med andre ord lagt på meg tre kilo på tre veker. Vel, vel. Det kunne vore mykje verre. Etter ei veke følte eg at eg hadde esa ut som ein ballong. Då bestemte eg meg for å droppe middagen, og heller ete ein kveldsmat av grønsaker og tunfisk litt seinare på kvelden, og etter det følte eg at eg hadde (vekt)situasjonen under kontroll.

Så er spørsmålet: Er formen på plass? Fasit i løpet av 21 døgn på båten vart tretten intensive treningsøkter (intervall eller rekordforsøk i trappene) og ni timelange, rolige økter. Men det heldt jammen hardt. Dei siste fire dagane i isen var det på rein viljestyrke eg sleit meg opp i omkledningsrommet og sette meg på ergometersykkelen, og eg hata kvart sekund. Under turen tilbake over Barentshavet, tre dagar med sjøgang, droppa eg rett og slett heile treninga. Det fins med andre ord den ting som er så kviefull at sjølv Maratonmannen ikkje orkar det.
Ettersom eg kom heim til eit kaos av familieselskap og barnedåp og det plutselig kom to soldagar som berre ropte på toppturar, fekk eg ikkje testa formen skikkeleg før lørdag. Då bar det i veg på Fosstølen, ein 290 høgdemeter skogsveg som er blitt mi faste testløype.

Før jul, då eg skulle teste O2-opptaket, gjekk eg for rekord på den turen kvar kveld i ei veke, og då kom eg til slutt ned i 25 minutt og 34 sekund. Det var på tørr grusveg, i shorts og t-skjorte og lette joggesko.

Lørdag gjekk eg med fjellstøvlar, med langt ullundertøy og overtrekksdress, og det var snø dei øverste to tredjedelane av vegen. Siste tredjedel var snøen såpass djup og sporete at eg vart tvungen til å velje trinna som andre hadde gått før meg. Dei var så korte at eg hadde valget mellom tripping og litt for lange steg. Langt tyngre forhold enn då eg sette rekorden, med andre ord. Eg såg at Wenche og Linda, to temmelig spreke damer, kom i gang to-tre minutt før meg, og tenkte at jaja, dett var dett, no blir det å springe åleine.

Komt opp rundt første svingen, så ser eg akkurat eit glimt av dei lengst framme før neste sving. Eg fekk los. Gjekk på akkurat så hardt som eg hadde håp om å klare i ein halvtime, og kanskje litt vel så det. Det slår meg at akkurat det skriv eg kvar gong eg har sett ein rekord.

Ved å gå friskt på tok eg akkurat så sakte inn på dei at det var så vidt eg følte at distansen vart mindre kvar gong eg såg dei. Pulsen låg jamnt på 151-152. Tenkte så vidt over at det er eit nivå som er eit helvete å halde på ergometersykkel på ein båt, og lo (beherska) av kor fantastisk mykje kjekkare det er å jage damer på ein skogsveg. To tredjedels oppe kjem det 200 meter flat veg, og der såg eg at dei jogga. No var pulsen oppe i 162, og eg tvang meg til å gå roleg dei 200 metrane, for å samle krefter til ein sluttspurt opp den siste bakken, som er hundre høgdemeter og temmelig bratt(15-20 % her og der). Kom ned i puls 127 idet flata var slutt, og så kjørte eg på så fort som det går an å gå utan å jogge. Såg at eg tok jamnt og trutt innpå, men ikkje fort nok. Idet eg såg husa på stølen (4 minutt igjen) skjønte eg at skulle eg ta dei att, måtte eg over i jogg. Og jogg vart det. Akkurat idet eg kom inn på flata på toppen var eg så tett opp i ryggen på Linda at noko tettare ville måtte beskrivast som eit parringsforsøk. Eg kallar det ”å ha tatt igjen”. Kasta eit blikk på pulsklokka idet eg velta om kull i snøen: Puls 174, tid 25,34.

Registrerte at dotter mi Rose (som hadde sprunge i forvegen med hunden vår i trekksele) var veldig interessert i å vite kva klokka var, ja ho faktisk beint fram insisterte, men eg bestemte meg for å la spørsmålet ligge inntil vidare. Eg trur kanskje ei av damene sa til ho at eg kanskje ikkje var i form til å snakke, etter tretti sekund hadde eg krefter til å stryke vekk gardinet av slev som hang frå munnen min og ned på bakken, og etter to minutt var pulsen min gått ned frå 174 til 109. Eit pulsfall på 65.

Eg tangerte altså min personlege rekord under langt tyngre forhold enn sist, og pulsfallet er fem slag høgre enn eg nokon gong før har opplevd.

Hadde eg komt noko nærare, ville eg fått sel-buse på linsa.

Formen er altså bedre enn nokon gong. Så får det heller være at eg er nokre kilo tyngre. Eg kjenner at å komme heim var å gå rett inn i gode, gamle kostvanar. Dette skal nok gå bra.

Og du? No skal eg ta fram sykkelen min. Fy fader, det skal bli moro å sjå korleis det blir å sykle gamle vegar med ny form.

Og ein ting til: Vil du sjå eit billedgalleri frå turen min i Vestisen, kan du gå inn her:

Kommentarer