I mål – så langt

Okei, eg sa at eg skulle ikkje skrive tida mi,men. Men, men, men. Eg har ombestemt meg. Det var kanskje noko eg sa for å motivere meg, som når eg alltid seier at «Eg skal berre ta ei rolig økt». Eg har sprunge 20 kilometer, og opp og ned eit 900 meter høgt fjell, og eg har gjort det på 2 timar og 53 minutt. Og det føles veldig godt.

Henning drog meg gjennom 20 kilometer fortare enn eg hadde forestilt meg i mine villaste draumar. Rett og slett.

Det har vore ein lang dag. Den begynte klokka fire i natt, med starten på Ultra Trail (92 km) som foregjekk rett utafor vinduet vårt. Det var ein mann med eit kjempestort lydanlegg som høyrtes ut som han leste opp noko som han syntes var veldig kjedelig, og det gjorde han i ein halv time. Og så slutta han, og så sette han på musikk. Death metal, trur eg det heiter. Men då sovna eg.

Den som fann løpet til meg, er ein gamal studiekamerat som heiter Henning (tvillingbroren til Olav, for dei som lurer på det), som har sprunge mange maraton. Han bur i Lyon, og han kom her i går for å gå gjennom løypa med meg. Han har sprunge mange maraton, og så mange halvmaraton at han har ikkje tal på dei. Han ville gå ein liten tur i løypa med meg i går, eg skjønar i dag at det var for å teste formen min.

I dag sprang vi i lag, og eg skjønte etter to hundre meter at han hadde tenkt å ta kontroll på dette løpet. Han pressa meg til å gå mykje hardare ut enn eg hadde tenkt, og så heldt vi det trykket lenge. Det begynte med ei 600 meter stigning, fordelt på ca. 6,5 km. Under ti prosent. Heilt greit. Vi gjekk hardt på, men vi gjekk. Jogga der det var flatt, men gjekk i motbakkane. Så var det unnabakke ca. ein kilometer, ned eit par hundre høgdemeter, og der jogga vi stort sett heile vegen, og så kom 300 høgdemeter stigning på 1,5 kilometer. Det er 20 prosent stigning, det. Stupbratt. No begynte eg å slite. Eg hadde aldri pressa meg så hardt, hvis ikkje Henning hadde vore der.

– Kom igjen, Ole Johannes, sa han, då det var 200 høgdemeter til toppen, og eg hadde puls 162.

– Du kan stoppe no, men idet du  begynner igjen, vil pulsen sprette rett opp igjen, så her er det berre å komme seg opp, og ferdig med det, sa Henning. Så då gjorde vi det. Ved passering 10 km (og på toppen av 940 høgdemeter stigning) hadde vi brukt 1 t 49 minutt. Eg glefste i meg ein del banan og nokre brune ting som kanskje var ekornbæsj og kanskje ei slags frø-kake, og fekk fylt opp drikkesekken min, og sa oui, oui, og tres bon til alt folk sa, og så begynte vi nedstigninga.  Henning trudde vi skulle bruke 1 t 40 minutt på den. Eg begynte å jogge, og så jogga eg der det var praktisk mulig resten av vegen, og på dei siste ti kilometrane brukte vi akkurat ein time. Eg sa til Henning at det som skjer no, er at eg påfører meg sjølv adskillig meir smerte enn det eg så langt har akseptert på trening. Men det drep meg ikkje, og eg greier å fortsette med det. Og eg kom i mål, og eg sprang forbi mange på vegen (ein i minuttet, omtrent, i motbakkane).

No sit eg med eit glas kaldt øl på ein terrasse der vakre kvinner sit og franskar seg og snakkar fransk og er så franske som berre franske kvinner kan være, og fuglane kvitrar og sjasminen angar, og det er 22 grader, og eg skal snart ha ei kald øl til. Henning søv middag i senga mi, og Aurora dotter mi høyrer musikk og gjer slike ting som døtre gjer mens pappa jobbar litt, og snart skal vi ete middag, og eg kan ikkje seie noko anna enn at alt er vel. Såre vel.

Det var tørt og støvete. Ting tyder på at skoa mine pustar veldig godt.

Takk, Bodil, Takk Jo Inge, Takk Siri Marte, Takk, Aurora, Takk, Ingrid, takk Gjertrud, takk, Rose, takk, Narve, takk, Eivind, takk, Per Martin, takk Vidar, Takk Ole Morten, Takk Jostein, takk Ole Jakob, Takk Førde Cykleklubb, takk Gard, takk Torunn, Takk Øyvind, takk, alle dåkkar jævlar som har venta på meg, og vore med meg på tur, og hatt tru på meg.

Eg trur ikkje vi gir oss der. Men akkurat no er det nok for i dag.

 

 

Kommentarer