Eg er redd

Alvoret begynner å gå opp for meg no. Eg, som får vondt i hoftene av å jogge i fire minutt (!), skal jogge i seks og ein halv time. Eg, som må springe i bar overkropp så snart det er tjue varmegrader, skal kanskje springe seks timar i tretti grader. Og  eit TV-team og eit reportasjeteam og alle eg kjenner, og ganske mange tusen til skal følgje med på meg. Og eg er sterkt i tvil om eg vil greie det. Eg begynner å bli litt redd no.

Det handlar om å gjere dei enklaste ting ting på den tyngst tenkelige måte.

Det begynner å gå opp for meg kor dumt eg har oppført meg.  Har du høyrt om raske og trege muskelceller? Nokre folk har ei overvekt av raske muskelceller, og andre folk har flest trege. Trege muskelceller er ikkje så sterke som dei raske, men dei har den fordelen at dei kan halde på veldig lenge utan å bli trøytte.  Dei med mange raske muskelceller er gode sprinterar, men dei blir fort slitne. Dei med mange trege celler spring ikkje så fort, men dei kan springe langt.  Som f.eks. maraton.

I sjuande klasse sprang eg seksti meter på 9,3. Det er ikkje superraskt, men det er fort nok til å fastslå at eg er ein naturleg sprinter. Hvilket vil seie at eg ikkje har naturlege føresetnader for å springe eit maraton.

No har eg trent det kroppen kan tole sidan februar. Med det meiner eg at eg har trent to til tre timar dagleg, minst to intervalløkter og minst tre langturar (på lett andpusten-nivå) i veka. Når eg seier «det kroppen toler», så er det fordi at enkelte dagar har eg vore så gruelig sliten at eg rett og slett har måtta ta meg fri. Andre gonger har det vore småskadar og slikt, men det har eg stort sett løyst ved å trene på måtar som ikkje belastar ledda (= sykling).  Har eg juksa med noko, så har det vore styrketreninga. Det har eg alltid funne eit påskot til å vri meg unna.  Etter testen med Siri Marte i juni skjøna eg at eg måtte begynne med seriøs styrketrening, så det har eg gjort to tunge økter i veka sidan det. Eg løftar vekter og vrir meg i maskiner og tek i så hjernemassen bular ut or øyrene på meg.

På Spenst har dei og ei tredemølle. Dei har sjølvsagt mange, men for meg er det nok med ei. På den tredemølla har eg funne ut at 7,8 km/t er ein fart eg kan springe i, utan at det kostar meg veldig mykje krefter.  Så tar eg fram kalkulatoren: Viss eg spring med 7,8 km/t i tolv minutt, og så går i fire km/t i tre minutt (kvile/ete/drikke), kor lang tid brukar eg då på 42 195 meter? Svaret er 42 195 / (6,24 (strekningen eg spring på 4 x 12 minutt med fart 7,8 km/t) + 0,8 km (det eg spring på dei 4 x 4 minutta med fire km/t)) = 42,195 / 7,04 = 5,99 timar. Hvilket gjev meg ein halv times margin til makstida på 6 timar 30 minutt.

Dette prøvde eg i går. Eg klarte eitt kvarter. 12 pluss tre minutt. Eg begynte på det andre kvarteret, men gav meg, av to grunnar: For det første vil ikkje Siri Marte at eg skal springe så mykje om gongen enno, for det andre hadde eg sett at dette blir tungt. Det blir blytungt. Eg kunne nok greidd både tre og fire slike kvarter, men greier eg 24 på rad?

Kondisen min er det ingen ting i vegen med. Eg målte eit pulsfall på 60 slag dei første 120 sekunda etter siste intervalløkt her om dagen, noko som plasserer meg ein stad midt mellom mosjonsmaratonløpar og toppidrettsutøvar. Dermed er det berre to måtar å angripe dette på: Muskelstyrke og vekt. Eg vog 104 kilo i slutten av juni, og vekttapet har bremsa kraftig opp dei siste par månadane. Skal eg ha ein sjans å greie maraton, er eg redd eg må ned i 95 kilo. Samtidig må eg trene opp muskelstyrken i det tempo det er mogeleg. Og det seier mange er ein umulig kombinasjon.

Det er i dag 45 dagar til Medoc Maraton.   Langspurten begynner no.

OK, bildet er uskarpt, men det beviser i alle fall to ting: A: At eg har sprunge på ei tredemølle, og B: At eg bevegde meg med ein hastighet som moderne teknologi ikkje greier å registrere.

 

Kommentarer