Boblar av livslyst

Det skjedde noko rart med meg i jula. Eg fekk så lyst til å gjere alt mulig. Det boblar ei livslyst i meg som eg ikkje har kjent maken til så lenge eg kan hugse.

Optimistisk skodar Maratonmannen inn i framtida, og ser for seg at han høgg seg gjennom alle hindringar.

Eit problem så langt i prosessen har vore at psyken min ikkje har holdt følge med kroppen min. Når eg ser på ein lang motbakke, så er hjernen min vant til å bedømme den ut frå ein tung, utrent kropp som kjenner blodsmak etter ei tre etasjes trapp. Eg har ikkje tal på alle dei gonger eg er blitt storlig overraska over kor lett det eine og det andre har gått. Men no har det skjedd noko. No ser eg på eit fjell, og så tenker eg: Det er jo berre eit spørsmål om tid? To timar, så er eg oppe der? Toppen?`

Og det gjeld ikkje berre fjellsider. Det gjeld alt. No begynner planar å ta form i hovudet mitt, som er så mange, og så omfattande, at eg blir nødt til å lage meg ein timeplan for resten av året.

For det første: Kva skal eg leve av?

Sentralt i all tankegang for tida står sjølvsagt korleis eg skal få råd til å fortsette det livet eg lever no. Det å stå opp klokka sju, kanskje åtte og sjekke time-for-time-varselet for å sjå korleis eg skal brenne av 1000 kaloriar i dag, det trur eg det vil ta nokre år før eg blir lei av. Men på den måten kan ein ikkje ha ein ni-til-fire-jobb. Neivel, så får eg prøve å leve av det eg gjer, då. Det fins jo mange som lever av å drive fjell- og friluftsliv og så skriv om det? Og dei er jo ikkje nett så flinke til å skrive, alle? Greier ikkje heilt å formidle gleda og det storslagne ved naturopplevingane, liksom? Og det er no faktisk noko eg kan?  Og eg har no forresten det siste året vore gjennom eit prosjekt, ei livsreise så omfattande (og som ikkje minst veldig mange har lyst til å gjere), at eg burde kunne skrive ei interessant bok om det? Nemlig. Eg skal skrive ei bok: «Maratonmannen – Frå fettklump til supermann – med eit smil om munnen». (Arbeidstittel). Eg trur det må være marknad for noko slikt.

Så skal eg gjere noko eg har tenkt på lenge: Eg skal fullføre prosjektet eg begynte på i NRK Sogn og Fjordane i fjor, nemlig å gå på den finaste fjellturen i kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane. Eg har vore på halvparten av dei allereie. Slike fjellbøker sel jo som hakka møk?  Eg trur det gjenstår 13 turar. To veker med finever, så skal eg greie heile sulamitten. Nokre av dei er jo antakeleg best som vinterskiturar, så her kan det hende eg må snu meg ganske snart.

Okei, på den måten skal eg være sysselsett med (forhåpentligvis) inntektsbringande arbeid til langt over sommaren. Og lenger enn det tenker ikkje eg.

Dermed er det klart for å tenkje fritidsprosjekt:

Det første som ligg framfor meg no, er at eg, saman med kona mi, søstra mi og svogeren min, har tatt på meg å rydde opp femten store og små graner som velta i stormen første juledag. Skogsarbeid er kjekt, sosialt, du ser veldig fort resultat av det, det blir ein uhorveleg mengde ved av det, og det er ikkje minst veldig god mosjon. «Tømmerhoggar» er jo kategorien det blir vist til, når ein snakkar om yrkesgrupper med skyhøg forbrenning. 

Så kjem noko eg har tenkt på lenge: Eit helgekurs i overnatting «vinter – ute – felt». Ei klar begrensning i mitt friluftsliv er at eg tør meg ikkje på å overnatte ute i snøen om vinteren. Ikkje veit eg kva utstyr som trengs, ikkje veit eg korleis det er lurt å setje opp ein leir, ingen ting. No har eg alliert meg med ein halvproff, og så skal vi halde kurs i skiløypene på Langeland skisenter i heimkommunen min. Planen er å ha ein teoridel torsdag kveld, der ein går gjennom korleis ein gjer det, så, lørdag formiddag, sender vi deltakarane (som for ekesmpel meg) ut i langløypene for å etablere camp på eigen hand der dei måtte syns det passar, og så, tre timar seinare, kjem instruktøren rundt og evaluerer og kommenterer. Og samme kveld ligg eg ved eit leirbål under åpen himmel og ser på nordlyset blafre over ein stjernestrødd himmel. Håh, det skal bli fint! Eg gledar meg som ein unge.

Så: Hagen. Eg har i mange år vore lidenskapeleg opptatt av å halde hagen min maksimalt vakker (hvilket for meg betyr eit bombenedslag av blomster), men dei siste åra har interessa dabba av litt. No veit eg kva det skuldast: Energimangelen og latskapen som snik seg på deg saman med overvekta. For no! No går eg kvar dag og gledar meg til femtande mars, «Idus Martie», Julius Cæsars dødsdag, og alle mine hageplantars fødselsdag. Den dagen står drivhuset mitt såpeskurt, vinduspussa, oppvarma og klart, og så skal eg så ca. 2000 plantar. Blomkarse, erteblomster, fløyelsblomst, ringblomster, løvemunn, prydtobakk, hagegjøglar, kattost, alt dette er plantar eg har drive fram i hundrevis tidlegare år. På det meste har eg hatt 2400 plantar i drivhuset. Eg lukar berre ein gong om året, og det er rett før eg plantar ut. Så plantar eg ut så store plantar, og så tett, at ugraset ikkje får lys, og så dauar det. Og overlever det, så har det fortent å leve, eg bryr meg i alle fall ikkje meir. Og så skal eg sjølvsagt ha salat og, og sukkererter, og poteter! Den som har hatt poteter i hagen veit at poteter taper seg voldsomt i smak berre på to-tre dagar etter at dei er tatt opp av jorda. Skal du smake ein himmelsk potetstappe, er du rett og slett nøydd til å dyrke dei sjølv.  

Drivhuset mitt. Du er med på at det skal ein del livslyst til å gå laus på det der - og glede seg til det?

Så er det bassenget. Eg har eit plaskebasseng i hagen, som eg tidlegare har fylt med vatn frå det kommunale vassverket. Men ein dag i fjor kom teknisk sjef og ringte på døra mi og fortalde meg kor mange tusen liter vatn eg brukte kvar dag på det, og vi kom til ei forståing (det vil seie, han kom til ei forståing med meg) om at dette måtte ta slutt. Så sidan har bassenget stått tomt. Ergerlig. Men det går ein bekk i ein steinkanal frå 1800-talet under tomta mi. Det veit eg, for den kraup eg gjennom då eg var sju år. Den ligg ca. 2 meter under bakken. Den skal eg grave meg ned til, og så skal eg leie fram vatnet, og så skal eg grave og anlegge ein bekk tvers over tomta, med fine, små steinsette hølar, kanskje med lys i, så vatnet kan klukke og renne på ein veldig idyllisk måte ut i basssenget mitt, og så skal eg grave meg ned til bekken nederst på tomta, og der skal vatnet få renne tilbake att. Eg trur eg skal invitere teknisk sjef til opningsfesten. «Ta med badebukse», skal det stå.

Og så, viss eg tenar litt pengar på bøkene mine, og det i eit tempo som er større enn eg greier å bruke dei på fjellsko og Real Turmat og rypejakt og denslags, så skal eg realisere eit prosjekt eg har tenkt på i årevis: Eg skal bygge meg ei hytte. Eg veit nøyaktig kor den skal stå, og eg trur nok eg skal komme til enighet med grunneigaren. Så skal eg teikne hytta sjølv (det har eg faktisk allereie gjort, ca. femti gonger), og så skal eg bygge ho i seksjonar heime på plenen, rom for rom. Så skal eg fyke seksjonane inn på fjellet med helikopter, og montere dei saman der, og legge tak på. Eg trur eg skal greie heile prosjektet for 200 000 kroner. Vi snakkar om ei 18 kvadratmeters hytte som skal minne litt om den gamle bensinstasjonen i Skjolden i Luster.

Ja, og så, siste helga i april, skal eg springe (tilnærma) halvmaraton i terreng i Ardeche i Rhône-Alpes i Frankrike. Meldte meg på i går.

Dette vart ei lang liste. Du tenkjer sikkert at eg er hyperaktiv og gal. Kan godt hende. Men trur du eg har det kjekt, som leikar meg med desse tankane? Slik er livet for ein som er i matchvekt, og i god form. Det har forandra seg ein del på eit år. Treninga og vekttapet det siste året har bragt meg tilbake til eit liv og ei livslyst som eg trudde var gått tapt for tjue år sidan.

 

Kommentarer