Kuttar jobben for å slanke seg

3 timer dagen? Ikke for å være frekk, men jobber du?” Spurte ”Thomas” i en kommentar her på bloggen. Det var snakk om kor mykje eg mosjonerer.

For dei som lurer: fekk 20 timar trening sist veke. Er på tur og har ikkje vekt. Men kona mi seier at elskehåndtaka mine er nesten borte. Og at det er litt synd, no som det er slik bruk for dei.:-)

 

Svaret er: Nei.Eg jobbar ikkje. Eg gjer ikkje det andre folk ville kalt ærlig arbeid. Kvar lørdag køyrer eg til ei eller anna bygd i Sogn og Fjordane, finn samfunnshuset, ber 14 kolli med utstyr inn, koblar opp eit lys- og lysanlegg, går i ein garderobe (= frisørsalong / teiknesal / skulekjøkken etc.), skiftar til sykkeldrakt, går på scena og fortel ti historier til dei spesielt interesserte i denne bygda som likar å høyre om tjukkasar som syklar til dei nesten døyr. Så pakkar eg ned, køyrer heim og kjem heim til eit mørkt hus der alle har lagt seg. Pappa var ikkje heime denne lørdagen. Heller.

Så dette lever eg av. Men å kalle det arbeid, det ville eg aldri gjere. Eg har då gått på golvet på Høyanger Verk, og veit kva folk flest må gjere, for å betale huslån og barnehage.

Så bortsett frå ein og anna bedriftsjobb på kvardagane, så har eg fri. Kan du seie. Men eigentleg burde eg bruke desse dagane på å planlegge kva eg skulle gjere, når denne forestillinga går tom. Når ingen kjem for å sjå på meg meir. Eg burde gjere det. Men det gjer eg ikkje. I realiteten har eg gått ned i 20 % stilling, for å fullføre dette prosjektet: Gå ned (minst) 25 kilo og springe Medoc Marathon.

Eg kan komme til å tape 100 000 kroner på det. Kanskje ei årsinntekt. Mange meiner det er galskap å kaste vekk så mykje pengar på å bruke eit halvår på å gjere eit skikkelig skippertak og gå drastisk ned i vekt og komme i form og oppdage kva menneske som eigentleg bur inne i ein.

No snakkar vi om pengar. No snakkar vi om den enklaste, mest primitive, mest steinaldermessige måten å måle goder på. No snakkar vi ikkje om livskvalitet, gleda ved å stå på ein fjelltopp når sola renn, gleda ved å kunne småspringe over fjellet og finne vatn som vrimlar av feit fisk, gleda over vakre, lure, førti år gamle kvinner som blir kåte på deg og får lyst til å ligge med deg. Vi ser vekk frå gleda ved å ta med seg barnebarna på telttur og lære dei å bake nyfiska fjellaure, og sitje på benken utafor butikken og være 80 år og kunne gi faen i alt og kommentere Gud og kvarmann. Nei, det er ikkje det det handlar om. Nei, vi snakkar om den enklaste, mest primitive livsanskuelse som tenkast kan: ”Vil dette lønne seg for meg”?

Ok, la oss gjere det så enkelt som det: Til det vil eg berre seie: Om eg greier det (og det kjem eg til å gjere), (OG DET KAN DU GJERE OG!), kor mange årsinntekter tener eg på det? Kor mange år ekstra får eg å leve for det eine året eg brukar på dette? Trur du dette vil lønne seg for meg? Hvis du trur svaret er nei, då er du så dum at eg må henvise deg til vg.no. Tenk på det, neste gang du seier at ” Eg har ikkje tid til å slanke meg”.

Du har ikkje tid til noko anna enn å komme i form. For tida di er i ferd med å renne ut. Dette er den einaste måten å få meir av ho på. Så enkelt er det. Og du veit at det er sant.

Kommentarer