Ny mat for ei ny tid

Eg lagar same type mat som dei gjorde for femti år sidan. Det kan jo ikkje gå bra..

Sikringskost

 

Heime hos oss har det som regel vore eg som har laga maten. Ein vekemeny heime hos oss kunne (viss eg hadde god tid) sjå slik ut:

Mandag: Skinkegrateng

Tirsdag: Fiskepinnar med reven gulrot og poteter

Onsdag: Kjøtbollar i løksaus

Torsdag: Raspeballar med pølse og fett

Fredag: Fiskebollar i kvit saus (laga på H-melk og smør)

Lørdag: Biff med fløytegratinerte poteter

Søndag: Risengrynsgraut.

Til frokost, lunsj og kveldsmat: Brødskiver (så mange du greier å ete) med pålegg (så mykje som du syns du har råd til.) Gjerne ostesmørbrød til kvelds, om ein har vore ute og gått på ski eller gått ein tur eller i det minste sett ut av vinduet eller sett eit naturprogram på tv eller gjort noko anna som kan forbindast med friluftsliv.

Fårepølse har vi snakka om før, men leverpostei, peanøttsmør og kvitost er jo og pålitelige kaloribomber som eg daglig har detonert.

Middagsrettane og i grunnen heile ete-mønsteret har eg lært av mor mi. Eg fekk meg ein vekkar då eg var i nittiårsdagen til mormor mi. Der hadde ein onkel av meg sett saman ein festmiddagsmeny, inspirert av rettar han hadde fått av mormor i sin barndom. Og kva trur du det var? Dei same rettane som mamma lærte meg å lage.

Eg serverer altså ungane mine same maten som mødre laga på femtitalet, den gong ungane gjekk tre kilometer til og frå skulen og sprang på Høgefjellet etter blåbærog aldri vart verken køyrt eller henta, og gjekk 16km til Glesvær på dans. Du må tru eg har høyrt det ofte nok. Og det gjer vi ikkje i dag. I boka «Siste natt i Twisted River» av John Irving foregår første del av handlinga på eit kjøkken. Far til hovedpersonen er kokk i ein tømmerfløtarleir, og han held akkurat no på å førebu neste dags frokost. Og det er bananbrød (banan, egg, sukker, smør, fløyte og akkurat nok kveitemjøl til at alt heng i hop) og speilegg og flesk og alt mulig, eg fann ut at dei karane måtte få i seg 5000 kaloriar berre til frokost.  Og tømmerfløtarar treng kanskje det. Men tenk deg om denne karen hadde vakse opp og blitt kontorist, og fortsett å lage den same maten som faren hadde lært han? Trur du hanville blitt feit som ein kvalross? Sjølvsagt.

Og der ein plass, om ikkje heilt der, der er eg. Og kanskje du. Vi må lære oss på nytt å lage mat, ein mat som er tilpassa eit samfunn der alt er mykje enklare og krev mykje mindre energi.

I vinterferien har eg gått ein to-tre timars langrennstur kvar dag. Det blir ein svolten av. Eg har fråtsa i mat heile veka. Vekta gløymte eg att heime, men eg veit at magemålet har minka. Det fortel beltet meg, det. Nye hol må stadig til pers. Tirsdag skal du få vete vekemenyen. Ein ny mat for ei ny tid:-)

Kommentarer