Finn feiten

I dag blir det litt alvor her: Kor lenge har du att å leve, trur du? Då eg bestemte meg for å ta tak i livet mitt, vog eg 140 kilo. På den tid var eg begynt å leike ein liten selskapsleik med meg sjølv: Studer ei menneskemengde, kor som helst, og sjå om du kan finne eit menneske på 65 år som veg 140 kilo.

Foto: Marita Aarekol

Finn du det, er du god. Eg har til dags dato ikkje funne det. Kor er dei? Er dei rett og slett gått bort? Dei ser i alle fall ikkje ut til å kunne delta i dagleglivet, for der er dei ikkje. Kanskje er 65 år maksgrensa for kor lenge eit hjarte greier å drasse rundt på 140 kilo. Kanskje er det slik at vi feitingane, vi treng ikkje tenke på pensjonsordning og slike ting, for vi skal ut av rekneskapen lenge før den tid?

Kor gamal er du i dag? 45 år? Hugsar du noko som skjedde då du var 25? Då du traff kona di? Det første barnet dykkar, kanskje, eller noko anna som skjedde i 1991? Eg kan gje deg nokre stikkord: Den første Gulfkrigen. Sovjetunionen vart oppløyst. Kong Olav døydde. Roy Jacobsen gav ut romanen «Seierherrene». Syns du det er lenge sidan? Ikkje det? Du har mest sannsynleg kortare tid enn det att å leve.

Vart du skremt no? Eg har ein god nyhet til deg: Viss du begynner å mosjonere ein time kvar dag, vil framtidsutsiktene betre seg enormt. Sjå berre på alle dei gamle knarkane som sprett omkring. Eg seier ikkje at du vil leve lenger, for det er det ein del besserwisserar som vil protestere på, men eg seier at når du er 65 år, vil du vere synleg i samfunnet. Du vil delta og være med, akkurat like mykje som i dag, sannsynlegvis mykje meir.

Eg brukar å seie til meg sjølv, at dersom eg mosjonerer ein time kvar dag, så er sjansen stor for at eg vil leve til eg er 85 år. Altså tjue år ekstra. Det betyr at for kvar dag eg går ein tur, får eg ein dag ekstra å leve. Så ved å gjere noko som er kjekt, får eg noko som er uvurderleg. Det kallar eg ein bra handel. Det beste av alt, er at du treng ikkje vinne i tipping for å oppnå dette. Du treng ikkje være gullguten til sjefen. Du treng ikkje vere pen, slank, rik, velutdanna eller superintelligent. For makta til å oppnå dette, den ligg fullt og heilt i dine (og berre dine) hender. Du treng berre å få på deg skoa og komme deg ut av døra, ein time kvar dag. Du kan begynne i dag. Dette kan være den første dagen i resten av ditt liv.

Status per i dag, forresten: 117,7 kilo på strømpelesten. Gått ned 8,2 kilo på fire veker. Formen merkbart bedre, og. Herleg.

Kommentarer