Fråtsar i mat

Eg ser mange er bekymra for om eg får nok mat. No har eg fått eit nytt kosthaldsopplegg, og eg et så det tyt ut or øyrene på meg. Det har ikkje hendt at eg har greidd å ete alt som står på lista.

Siri Marte Hollekim, trenings- og kosthaldseksperten som TV2 har engasjert for meg, vart litt bekymra då eg fortalde at eg var så slapp og sliten. No har ho sendt meg dette forslaget til dagsmeny:

Morgon: Et par dl 4-kornblanding (u/sukker)+ skummet melk + 4 valnøtter og 1 eple/ pære oppå.

Favorittkrydderet mitt for tida

Favorittkrydderet mitt for tida

Mellommåltid: Yoghurt (0,1%) -1 beger+ Litt korn i yoghurten. Grønnsaker

Lunch: Salat 2 dl,  ¼ rød paprika, 1 egg,  6 skinkeskiver, purreløk.

Mellommåltid: 1dl juice, 1 gulrot, 1 porsjon blomkål, 2 stilker stangselleri.

Middag: 2 Kyllingfilet/fisk/kalkun/svin/karbonadedeig/, ca 3 dl hakket grønn salat (ubegrenset), ½ Paprika, Avakado, Pinjekjerner, Rød løk -alternativt wokkede grønnsaker.

Før evt ettermiddagstrening: 1 banan eller et glass smoothie med litt 0,1% yoghurt (1 beger), ¼ eple, ¼ banan, noen bringebær og ¼ glass appelsinjuice…

Rett etter en eventuell ettermiddagstrening: 1 tynn brødskive/ knekkebrød eller lignende (grov) med 2 skiver skinke og 1 skive lett hvitost. Eventuelt en 4-korn blanding med yoghurt (0,1%) eller skummet melk.

Kveldsmat: Salat: 1 stk Kyllingfilet/kalkunskinke/tunfisk i vann/ annen fisk, 4 dl salatblad,¼ avakado, ½ rød løk, 6 skiver paprika, 2 hakkede valnøtter.

Salaten krydrar eg med ein dressing eg har komponert sjølv: Like delar ketchup og soyasaus, 1 ts knust chili (evt. Sambal oelek), ein pose salatdressingpulver. I tillegg drikk eg nok ein liter skummamelk dagleg. Dette er god mat, og det er rikeleg (fordi eg et så mykje salat som eg har lyst på). Dei fleste dagar kjem eg ikkje lenger enn til middagen. Og ikkje minst: Eg har fått skikk på få-i-seg-nok-vatn-problematikken: Kvar dag fyller eg to literflasker med vatn og set på kjøkenbenken. Før eg legg meg, skal dei være oppdrukne.

Og dette virkar. Eg trur vel kanskje ikkje eg får i meg meir energi totalt enn før, men overskuddet er tilbake, humøret er jevnt bra igjen, dette livet er heilt fint til å leve med. Fredag skal eg fortelle deg om det nye treningsopplegget mitt. Det er så voldsomt at eg tør nesten ikkje fortelle folk om det, dei trur eg lyg.

Kva gjeld vekta har eg tenkt frå no av å følgje det rådet mange har gitt meg: Å vege meg kvar fjortande dag. Det går så opp og ned frå dag til dag, at noko anna blir meiningslaust. Første veging blir neste tirsdag…

Kommentarer