Ti kilo mindre

Den 29. mars, klokka 0745 viste badevekta mi 115,8 kilo. Det betyr at eg har gått ned ti kilo sidan eg begynte denne bloggen 4. februar.  Det er ti kilo på sju veker, eller ca. 1,4 kilo i veka.

Så mykje fett har eg mista. Omtrent der på kroppen, og.

Så mykje fett har eg mista. Omtrent der på kroppen, og.

Undervegs har eg gått på ein liten smell der eg følte at vekta sto stille, eg har lagt om frå eigenkomponert diett til Siri Marte-diett, og eg har lagt om frå eigenkomponert lunte-trening til målretta, gjennomtenkt trenings-opplegg.

Kva har eg lært så langt?

Om vekt: Å gå ned i vekt er ein hårfin balansegang mellom to hensyn: Ønsket om å gå ned i vekt fort (motiverande) og det å komme på for stort energiunderskot (demotiverande).

Eit menneske som kvar dag med større eller mindre lyst, må slepe seg opp av stolen og ut på sykkel/ski/fots i ein time eller meir kvar dag, og som fleire gonger for dag må stoppe opp og tenke før han puttar noko i munnen, treng daglig påfyll av motivasjon. Daglig, om ikkje frå time til time. Den første veka ein set i gang, gjer ein eit kjempejafs. I mitt tilfelle, 3,5 kilo.  Dette jafset plantar forventningar om korleis det skal bli framover. Og så blir det ikkje det. Plutseleg har ein berre gått ned ein liten kilo på ei heil veke med svetting og salat, og plutseleg har ein gått OPP eit kilo. Då begynner det å røyne på motivasjonen. Vil ein då auke tempoet i vekttapet må ein redusere kaloriinntaket, eller auke mosjonen, eller begge deler, for å skape ein større skilnad mellom kaloriar inn og kaloriar ut. Problemet er, at viss den skilnaden blir på noko særleg meir enn 1000 kaloriar per dag, blir ein matt og  sliten, frostig og sur. Det er vanskeleg å halde seg motivert når ein er matt og sliten og frys og er sur.

Det andre alternativet er å sjå på korleis ein lever no, samanlikne med korleis ein levde før, seie til seg sjølv at dette er jo nødt til å føre rett veg etter kvart, og avfinne seg med at vekta går ned, om ikkje jamnt og fort, så i alle fall sakte, men sikkert.  1000 kaloriar per dag = 7000 kaloriar i veka. Eitt kilo fett = 9000 kaloriar. No forstår eg kvifor Siri Marte vil at eg skal gå ned mellom eit halvt og eitt kilo i veka.  Fordi det er ein balanse mellom inntak og forbruk som er innanfor marginen til at eg held meg i godt humør.

No skal vi leike oss med noko vi mora oss med då eg gjekk på handelshøgskulen: Å framskrive trendar. Eitt eksempel: Viss du tek gjennomsnittshøgda på norske rekruttar frå 1950 til i dag (den har auka jamnt og trutt) og teiknar ein graf, og seier at denne utviklinga vil halde fram i tusen år, kor høge blir menneska då? Omkring tre meter. Og viss du dreg grafen bakover i tid, vil det seie at Olav Tryggvason var ein mannsling som kunne fått plass i ei bæremeis. Og kva vil eg vege 10. september, når Medoc Marathon går av stabelen? Så langt (frå 4. februar) har eg gått ned nokså nøyaktig 200 gram for dag. Til 10. september er det 166 dagar. Viss eg fortset å gå ned 200 gram for dag, vil eg altså vege 115,8 minus 33,2  (166 x 0,2) kilo = 82,6 kilo.

Men dette blir ikkje heilt rett. Viss vi antar at surpompane har rett (og det har dei nok) i at det store vekttapet første veka besto av væsketap og tarminnhald og dermed ikkje kunne tellast med, så la oss starte med utgangspunkt i 11. februar, då. Sidan den gong har eg gått ned 6,5 kilo på seks veker, altså 1,1 kilo i veka. Til 10. september er det 23 veker. Det betyr at då vil eg vege 115,8 minus 25,3 kilo = 90,5 kilo.  Er eg nøgd med det? Ja. Og når eg då veit at eg dei siste seks vekene har ført eit levesett som eg syns er heilt fint til å leve med, så begynner eg å få tru på at dette kjem til å skje.  Eg sit her og smiler no.

Kommentarer