Sexscener på treningssenteret

Eg har tidlegare beskrive min geniale McGyver-tek med å sølvteipe PC-en på spinningsykkelen, så eg kan sjå film på treningsstudioet. Det eg ikkje nemnde, er at du må være litt forsiktig med kva film du puttar i pc’en…I førre veke var eg i Florø nesten heile veka. Der har dei eit koseleg, lite treningsstudio der det står tre spinning-syklar. Eg fekk låne ein gummistrikk av resepsjonsdama, så ho slapp å å teiprestar på sykkelen sin, så sette eg pc’en framfor meg og putta i filmen «The American» med George Clooney. Eller Kluneren, som eg kallar han. Han er ein av mine favorittskodespelarar.Lange, dvelande scener med folk som filar våpendelar er ikkje mi greie. Sjølv ikkje George Clooney.

Etter ei stund kjem det to eldre fruer og set seg på kvar si side av meg. Ho eine står lenge og ser på meg. Eg skjønte først lenge etterpå at ho stod og venta på at eg skulle gå av sykkelen og byte over til den til venstre for meg, slik at  dei to kunne få sitje ved sidan av kvarandre. Men ho stod altså ei stund og såg på meg. Eg kunne sjå at ho i sitt stille sinn takka regelen om at alle må gå med T-skjorte. Ho vemdes tydelegvis rikeleg nok ved synet av denne prustande, strisvettande mannen.

Velvel. Så set dei seg til og trakkar. Bedageleg. Eg skal sykle 6 x 3 minutt intervall, så eg kjører hardt. Filmen er litt skuffande. Kluneren seier nesten ingen ting, berre går rundt i italienske småbyar og skyt folk, og brukar evighetar på å slipe til smådelar til skarpskyttarrifler. Det er ein slags pornofilm for våpensmedar. Men så blir han kjent med ei italiensk jente. For å gjere ei lang historie kort, dei blir glade i kvarandre, og etter kvart blir dei veldig glade i kvarandre, og til slutt blir dei så glade i kvarandre at dei bestemmer seg for å gjere noko med det. Eg lurar på om den italienske jenta eigentleg har dette til jobb (i filmen, altså), men det kan verke som om ho faktisk meiner det. Enten det eller så er ho fantastisk flink i jobben sin, og ser ut til å stortrivast med han og.

Vi snakkar rett og slett om ei samleiescene. Slikt synes eg er kjedeleg. Det er to ting å seie om slikt: Det du gjør, gjør fullt og helt, og ikke antydningsvis og delt. Dessutan: Slikt ser eg helst åleine. Eller saman med kona mi. Og i alle fall ikkje saman med to framande, 60 år gamle damer.   Slike scener brukar heldigvis gå fort over. Så snart regissøren er heilt sikker på at alle har fått med seg kva som skjer, hoppar ein vidare til noko spanande. Men ikkje denne karen.

Regissøren har tydelegvis bestemt seg for å lage elskovsscenenes elskovsscene, Kluneren og den italienske jenta buktar og vrir seg så det halve antakeleg ville vore nok. No blir eg brått veldig merksam på dei eldre fruene på orkesterplass.  Eg skottar fort mot høgre og venstre, og ganske rett, dei to fruene har fått med seg kva som skjer, og kastar forte, litt usikre blikk på kvarandre. Sit fyren rett og slett og ser på ein pornofilm, midt på eit treningssenter, på høglys dag?

Eg gjespar høglytt og himlar litt med augebryna og prøver så godt eg kan å uttrykke kor voldsomt eg kjedar meg over det som utspelar seg på skjermen. Lurar på om eg skal spole, men eg er så dryppvåt av svette at eg er redd eg skal øydelegge pc’en viss eg begynner å fikle på han. Men så tar ting ei ny vending. Kluneren mistar interessa for å sutte på brysta til jenta, og glir sakte ut av bildet og forsvinn i venstre billedkant, omtrent der navlen hennar er. Og han er ikkje gått for å hente seg ein kopp kaffi. Det er tydeleg at han held på med noko der nede, og det må anten være ei gynekologisk undersøking, eller så er han i gang med eitt eller anna som skal ta denne kvinnas ekstase til heilt nye nivå. Det er nok det siste. Vi får ikkje sjå det, men etter jenta sin reaksjon å dømme, har Kluneren eit heilt spesielt lag med det han no gjer. Ho kastar og vrir på seg så ho skulle hatt Oscar for det (og det skal du berre sjå ho får) og eg takkar Gud for at lyden er på headset, så ikkje stønna hennar gjallar i lokalet.

Eg kikar skrått på fruene ved sida av meg, og no kastar dei ikkje forte augekast. Dei måpar. Og ho eine kastar eit blikk på meg som fortel at no er all tvil vekk: Ho sit femti centimeter frå ein svær, glinsande, prustande, hårete mann som sit og ser på ein pornofilm.  No kastar eg meg over pc’en. Sveitten dryp ned i tastaturet, men eg gir f, eg famlar med kontrollen og får endeleg hurtigspola meg forbi pinsamheten.

Det rare er at eg får med meg blikket dei to sender kvarandre som reaksjon på dette, og det seier: Mannfolk! Så inni granskauen typisk! Skal han spole vidare til skyting og våpenfiling, no.

Den italienske jenta tykkjest vel nøgd med handsaminga ho får av George Clooney.

Den italienske jenta tykkjest vel nøgd med handsaminga ho får av George Clooney.

Kommentarer