Formen eksploderer

Etter tre veker med intervalltrening er det berre ein ting å seie: Hoooly mæ-kæ-roooni, hvor det går. Eller, som Kåre Willoch ville sagt det: Nu går alt så meeget bedre.

Ville du tatt badstu med denne mannen?

Ville du tatt badstu med denne mannen?

Det er i dag tre veker sidan eg begynte å følgje Siri Marte Hollekim sitt 13-økter-i-veka treningsprogram. Dei tretten øktene består av (sjå detaljar her) to intervall-økter, tre langtur-økter, fire rolige økter, ei langturøkt med to 8-minutts intervall, samt tre styrketreningsøkter.

Etter tre veker begynner eg å sjå kor lurt og gjennomtenkt opplegget er. Øktene har heilt forskjellige formål: Intervall aukar (hjarte/lunge)  kondisjonen. Dei kjem med to dagars mellomrom, så eg får restituert dei musklane mellom øktene. Langturane aukar evna til å prestere middels hardt over lengre tid. Dei kjem og med to dagars mellomrom. Dei rolige øktene løyser opp stive musklar etter treninga tidlegare på dagen, og forbrenner fett. Styrkeøktene skal rett og slett sørge for at eg misser så lite muskelmasse som mogeleg.

Dei første to vekene hadde eg ikkje tid til å gjennomføre anna enn intervall- og langturøktene fast, men førre veke sette eg meg føre å følgje programmet slavisk.

For å ta motgangen først: Styrkeøktene. Eg skal gjere seks friøvelsar (type sit-ups osv.), ti repetisjonar, fire seriar. Det greier eg ikkje. To og ein halv serie, så er eg ferdig. Faktisk så ferdig at førre onsdag, då eg hadde eit oppdrag om kvelden, måtte eg droppe styrketreninga. Rett og slett fordi at av det blir eg så sliten at i den tilstand kan ein ikkje gå på jobb. Har no blitt einig med Siri Marte om at eg skal ta ein serie kvar dag i staden inntil vidare.

Og så medgangen: Kondisjonen. Terskelfart, veit du kva det er? Det er (kort fortalt) kva pulsnivå du kan ligge på i ein time. Då eg begynte med pulsklokka for tre veker sidan, såg eg at den intensitet eg hadde brukt å legge meg på når eg skulle sykle ein time på ergometersykkel, gav meg ein puls på rundt 115 (67 % av min makspuls på 170).  Alt andre fredagen (25. april), etter fem intervalløkter, sykla eg først ein time på puls 120, merka at eg hadde meir å gå på, skrudde opp motstanden eit hakk, og sykla ein time til på puls 130 (76 % av makspuls). Tirsdag 29. april (etter seks økter) gjekk først ein halv time langrenn på snittpuls 132, så ein heil time på snittpuls 138 (81%). Laurdag 2. april sykla eg ein time på snittpuls 143 (84%), og i går sykla eg ein time på snittpuls 146 (86%).  Det nye i går var at eg fire gonger var oppe i puls 161. Over 160 har eg ikkje greidd å presse meg på sykkel sidan eg sykla Gaularfjellsrittet i fjor.

Det var tallenes tale. Men korleis kjennes det? Fantastisk. Det å sjå med eigne auge at ein ligg fire gir høgare i den første lange motbakken enn for berre to veker sidan, å kunne ligge og presse hardt på dei lange flatene, suse av garde, og aller best: Ta seg ein liten pust 300 meter før ein bakke, samle krefter, og så verkeleg ha krut å RØSKE til med 100 meter før bakken, få opp farten og sprenge på oppover, kjenne at sykkelen vrir seg fordi du er så sterk, og greie heile bakken i god fart, og vite at dette er bedre enn du nokon gong før har gjort det, det er godt, det.

Og så komme heim, skjelvande, grunnleggande sliten, og flate ut i ein lenestol med ein yoghurt, og vite at der tok du endå eit steg mot eit sunt og godt liv, at no har du gjort det aller viktigaste du kunne gjere i dag, det er ei god kjensle.

Det fine med at kondisen kjem seg så voldsomt, er at langøktene blir så mykje hardare (i den forstand at eg gjer mykje meir arbeid) enn før, utan at det kostar meg meir. Eg blir med andre ord fortare tynn for den same anstrengelsen. Eg syntes det var litt tidleg å begynne med intervall seks månader før maratonet, men ho er nok ein luring, ho der Siri Marte:-) Ho skal vel ha meg tynn fort, så ho kan begynne å sende meg ut på jogging.

Ein annan ting må eg og seie: Eg begynner å få trua. Så dramatisk som formen kjem seg, og så fort og behageleg som vekta har gått ned så langt (114,3 kilo siste måling), så begynner eg å tru at vegen Siri Marte har lagt for meg, kjem til å ende med eit maraton i Medoc.

Kommentarer