– Et egg med hode

I dag passerte eg 30 kilo vektnedgang. Morgonvekt i dag: 109,5 kilo. Eg kom over ein video av meg frå då eg var 140, og då kona mi såg det, glapp det ut av ho: – Du ser ut som et egg med hode på!

For å eliminere all forvirring.: Jaudå, då eg starta her på BT-bloggen, var eg 125,8 kilo. Så eg har gått ned 16 kilo sidan då. Men eg er ein mann med ei fortid. I oktober 2009 vog eg 140 kilo. Det synest heilt rart no, og det er mange som lurar på om ikkje eg tar litt hardt i. Men her ein dag skulle eg leite etter ein video på Youtube, og då eg søkte på Ole Johannes kom eg over noko spesielt. Før i tida var det berre to menneske i Norge som heitte Ole Johannes. Den andre kom frå Solund i Sogn og har skrive fleire bøker om bygging av trebåtar.er det tydeleg at det har dukka opp ein til, og det kan sjå ut som han driv med (litt mislykka) sirkuskunstar på skateboard. Søker du på «Ole Johannes» finn du i alle fall nokre filmsnuttar med titlar som «Ole Johannes tryning rail» og «Ole Johannes tryning spektakulær».

Uansett, du finn og ein video frå Direksjonsmusikkens 45-årsjubileum i 2008.  Videoen levnar ingen tvil: Mannen som står og brukar sine eigne bilringar som armlene, er meg.  Slutten på videoen er (av tekniske grunnar) så katastrofalt dårlig at det er nesten morsomt i seg sjølv. Men berre nesten. Eg anbefaler å oppleve dette live. [youtube]http://www.youtube.com/watch?v=Va2Ln_ZeRQ8&NR=1[/youtube]

Det er eit stykke derifrå til hit: [youtube]http://www.youtube.com/watch?v=oaEk41148R0[/youtube]

For dei spesielt interesserte kan nemnast at Direksjonsmusikken er eit motkulturelt fenomen som oppsto ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1963, «til motvirkelse av den ensidige dyrkelse av verbale uttrykksmidler i vår tid».  Direksjonsmusikken har i snart femti år bestått av glade studentar som saman og tildels forbløffande samtidig har framført hornmusikk av nokså varierande kvalitet, men alltid med godt humør.

For eksempel var eg med då vi skulle underhalde på Ridderrennets gallamiddag på Beitostølen hotell ein gong i 1992 eller deromkring. Vi hadde vore ute i løypene og spelt heile dagen, og så samlast vi på hytta for å lage middag og spele «Rose»  og «Tuten går» og andre kjente og kjære drikkespel. Brått var det nokon som kom på at vi hadde lova å underhalde på middagen om kvelden, og at ein katastrofe  var under utvikling, ettersom heile korpset no sat og drakk seg frå sans og samling forte fortissimo. – Vi kan jo ikkje stå der og spele drita fulle! var det nokon som sa. – Dei ser ikkje det, var det nokon andre som sa. Deltakarane på Ridderrennet er nemlig blinde.  Men bremsene vart slått på, bilar kom og henta oss, og vi gjennomførte med det vi meinte var ein viss stil. Vi spelte og sang og banka og slo så det ljoma i veggene. Med påfallande godt humør, antakelig, for etter tre nummer (av planlagte åtte) kom hotelldirektøren og sa «Ja da sier vi tusen takk til Direksjonsmusikken», og så føysa han oss med seg, av scena og ut i ein gang.  – Heiheihei, vi var jo ikkje halvferdige ein gong, kva er det som skjer, spurte ein. – Neimen kjære folk, dere skjønner at Kongen kommer, og da kan vi jo ikke ha dere stående der og spille!

Kong Harald hadde nemleg brått og uventa meldt sin ankomst for å kaste glans over arrangementet.

– Kan ikke ha oss stående og spille? Er vi liksom ikke fine nok for Kongen, vi altså? No rann det over for hotelldirektøren: – Neimen hør, folkens, dere er jo drita fulle!

Og då var det ein på bakerste rad som ropte: «Og så da? Kong Harald er også de fulles Konge!»

Historisk bakgrunn (Frå Kongehuset.no sine sider):

I 1928 fulgte Kong Haakon de konstitusjonelle spillereglene fullt ut da han utnevnte den første arbeiderpartiregjeringen i Norge. Arbeiderpartiet var blitt Stortingets største parti etter valget. Arbeiderpartiet var da fremdeles et revolusjonært parti, og den avtroppende statsministeren anbefalte Kongen å utnevne en regjering fra Bondepartiet. Kong Haakon sto imidlertid ved de parlamentariske prinsippene og ba Christopher Hornsrud danne ny regjering. Kongens beslutning møtte stor motstand fra borgerlig side, men Kong Haakon sto fast med de berømte ordene ”Jeg er også kommunistenes konge”.

Kommentarer