Oppturane

– Merkar du at ting blir lettare? var det ein som spurte meg. – Det ville blitt ei lang liste, sa eg. Og her kjem ho:

I går skreiv eg opp alle dei situasjonar der eg merkar at det har skjedd noko med meg.

Før eg sto opp. Vart liggande å kjenne på ribbeina mine, som står ganske høgt opp når eg ligg på ryggen. Trur kanskje brystbeinet mitt er litt deformert og. Det stikk veldig ut.

Då eg sto opp. Svingte meg ut på golvet.

Då eg kledde på meg. Beltet i femte holet no. Buksa sleng som ein sekk. Må faktisk snart kjøpe nye klede, same kor usnobbete eg er.

Då eg skulle ete frokost, og nokon (NOKON!!!) hadde drukke opp all melka. Eg svingte meg på sykkelen, sykla bort på Best og kjøpte ein liter melk. Som ingen ting.

Då eg gjekk på sykkelen. Kan no gå på på gutemåten i staden for jentemåten. (Gutemåten er å sette foten på venstre trøe, trille i gang og svinge høgrebeinet over setet og ned på trøa mens du trillar. På ein racersykkel må det beinet løftast ganske høgt. Ikkje noko særleg for personar i skjørt, som kanskje heller vil foretrekke å vippe sykkelen mot seg og så tre beinet over stanga på ein litt mindre flashy måte:-).

Då eg sette meg i bilen. Bilen min er gått 380 000 kilometer, og no kjenner eg at setet er heilt utslitt. Eg kjenner akkurat kor stålbjelkane går inni stoppen, og det er ganske ubehageleg. Før kjende eg ikkje slikt, eg bar jo med meg min eigen lenestol å sitte i.  Med armlene, til og med (bilringane). Det er ganske rystande å kjenne kva sitte-forhold de andre tynningar må akseptere på kafear og kinoar rundt om.

Då eg låste opp skyvedøra bak i bilen frå innsida ved rett og slett berre strekke meg diagonalt gjennom kupeen og dra opp knotten (mens eg endå sat i førarsetet). Det er mange år sidan eg måtte gje opp det, og gå ut og rundt og låse opp frå utsida.

Då eg fann eit heilt ubrukt sett langt undertøy som eg fekk til jul for nokre år sidan og oppdaga at det sat som eit skot på meg.

Då eg sette meg på sykkelen og kjende at eg var herre over motbakken, og ikkje den over meg.

Då eg såg i speilet at dobbelthaka mi var vekk.

Då eg skulle finne eit liggeunderlag og plutselig hadde gått opp trappene til tredje etasje utan å nøle.

Då eg faktisk kom meg ut av bildøra etter å ha parkert veldig trangt i eit parkeringshus.

Då ei dame lot sin bare arm kvile mot min mykje lenger enn nødvendig på butikken. Men eg har dame.

Då den gamle klasseforstandaren min kom bort og kommenterte kor fin eg var blitt.

Kvar gong eg oppdagar kor gamle kjente gledar seg over det som skjer med meg.

Då eg plutselig kunne ta 20 sit-ups på rad.

Då eg gjekk ut ein tur, og eg plutselig, ein time og 16 minutt etterpå, befant meg på toppen av fjellet bak huset mitt (690 moh.) , med hovudet bokstaveleg talt heilt oppe i skyene.

Då eg etter ein natt med fire timar søvn tok heile dagen på strak arm – og med godt humør.

Då eg sat og såg på musklane spele i dei bare leggane mine og kom til at eg har ganske tøffe leggar. På ein litt sånn stygg, russisk tømmerhoggar-aktig måte. Ein sånn som sparkar ned furuene når motorsaga streikar. Det er nok berre menn som kan tenke slikt om leggane sine og smile ved tanken.

Då eg – heime åleine – sette på Lazy med Deep Purple veldig høgt og dansa på stovegolvet.

Då kona mi såg på meg med det blikket og sa at no går vi og legg oss.

Og ikkje minst: Det som då skjedde. På ein heilt annan og bedre og meir intens måte.  Som eg egentlig kunne sagt om alt eg opplever.

Det minner meg om ei linje i ein barnesang vi song då eg var liten, som heitte «Veslegut har tromme».   Siste linja i første verset lyder: …og han har en hammer, og du hvor den kan slå.

Eg skal aldri tilbake der eg var.  Dette skulle eg ha gjort for tjue år sidan.

Kommentarer