Sprek glede

I helga gjekk eg ein to timars fjelltur før klokka sju om morgonen. Dette begynner å bli moro!

Eg fekk så lyst å gå opp egga som går skrått opp mot venstre, midt i bildet.

I ein vakker dal rett nord for Laukelandsfossen i Dalsfjorden ligg DNT-hytta Massbu. Den har eg høyrt mykje om, men aldri sett. Sist veke tok eg turen som ei rolig ettermiddagsøkt saman med ein kamerat.

Massbu viser seg å være eit greitt mål for småbarnsfamiliar. Ganske enkelt. Med berre 20 minutts rask gange frå skogsvegen blir det for puslete for fjellfolk, som heller kanskje går dei ni kilometrane til Nipebu, eller på Blegja, som ligg rett nord for hytta. Men sist søndag gjekk eg opp der med dottra mi, som er heilt vill etter å fiske. I dalen innafor Massbu slyngar det seg nemleg ei idyllisk, lita elv, som eg trudde ville by på fine fiskeopplevingar.

Eg sprenglesste sekken med god grillmat, ferdiglaga salat og alt eg kunne kome på å få bruk for. Tek turen berre 20 minutt, så kan ein alltids slite litt, så blir det ei lita treningsøkt av det likevel.

Å komme fram til ei koselig, lita turisthytte ein sommarkveld, med ein sekk full av godis og ei elleve år gamal jente som hoppar rundt og sprutar av livsglede, det er så kjekt at det kan ikkje beskrivast. Vi skifta skjorter, og så la vi i veg innover dalen med fiskestengene parat.  Fisk fekk vi ikkje. Elva renn som eit glitrande glasklart band gjennom dalen, og hadde det funnest ein fisk der, ville vi sett han. Men det gjorde vi ikkje. Men elva var så vakker, at vi følgde den langt innover dalen, heilt til vi møtte den bratte oppstigninga mot Nipebu. Der tusla vi heimatt, til grillkos og kveldsmat.  Ved kveldsbordet vart eg sitjande og sjå på ei egg som gjekk skrått opp frå dalen. Å gå oppetter der såg ut til å være som å gå på eit hundre meter høgt takmøne. Kanskje ei luftig og flott oppleving. – Der skal eg gå neste gong eg er her, tenkte eg.

Neste morgon vakna eg klokka halv fem og vart liggande og tenkje på «mønet». Klokka fem på fem hadde eg ete frokost, pakka camelbaken i sekken og la i veg. Når du ferdast i skogen så tidleg om morgonen er det ingen som ventar deg. Eg såg på spora (det var ganske vått) at ein hjort hadde gått same veg som eg skulle. Brått høyrde eg tramp og spetakkel, og spora bar no tydeleg preg av hastverk. Eg hadde skremt han opp. Eg brukte augene, men såg han aldri. Fuglekvitteret var intenst. Opp til starten av egga var det så bratt at eg måtte krype langflat på berget. Eg drakk det eg orka av camelbaken, og så sette eg sekken frå meg. Det skulle eg komme til å angre på i halvannan time framover. Eg gjekk oppover blanke svaberg, men dramatisk vart det aldri. Ikkje litt luftig, ein gong. Eg gjekk «egga» til endes, men  det såg mykje verre ut nedifrå enn det faktisk var. Komen til enden av egga sto eg og såg på ein haug litt lenger oppe. – Eg kan no gå opp der, tenkte eg. På den haugen såg eg ein topp litt lenger oppe. – Eg kan no ta den og, tenkte eg. Og klokka 0625 møtte eg morgonsola på 664 moh og sto og såg ned på Dale i Sunnfjord rett under meg.  Då kjende eg meg sprek, då. Og glad. 🙂

Utsyn kl. 0625. Hytta ligg på den grøne myra litt under midten av bildet. Blegja (1304 moh.) bak.

Og klokka sju åt eg frokost med ei glad, lita jente som sa ho ville gå mange fjellturar med meg i sommar.  Det var dette livet eg drøymte om då eg begynte på dette her. Og eg trur ikkje det sluttar her heller.

Kommentarer