Proff oppkjøring

Tirsdag skal eg teste formen på NTNU. No driv eg ei form-oppkjøring i toppidretts-klassen.  Her lærer du korleis du kan spisse formen maksimalt:

Veldig blid. Dagens andre intervalløkt ferdig.

Veldig blid. Dagens andre intervalløkt ferdig.

TV2 sin treningsekspert, Siri Marte Hollekim, har lagt opp følgjande program for meg: Kvar dag denne veka, frå mandag til og med lørdag, trenar eg to intervalløkter daglig. Om formiddagen spring eg 4 x 4 minutt intervall i motbakke.  Økta begynner med at eg går opp ein grusveg bak huset mitt, ca. 150 høgdemeter så fort eg kan, det brukar eg ca. 13 minutt på. Så går eg halvvegs tilbake, der legg eg frå meg drikkesekken og skifte-skjorta mi. Så joggar eg opp motbakken i akkurat fire minutt. Det tredje minuttet er det hardaste. I desse øktene skal pulsen ligge mellom 85 og 95 % av makspuls. For mitt vedkommande betyr det mellom 144 og 162. Som regel kjem eg opp i 150 etter ca to minutt, og rundt der ligg eg resten av intervallet. Så går eg hele vegen tilbake igjen. Dermed får eg fire minutts pause, og pulsen kjem heilt ned før eg begynner igjen (dvs, ikkje heilt ned, men det kjem vi tilbake til.) Det siste halvminuttet av siste intervallet drar eg til ganske hardt, og då sprett pulsen opp i 160.

Om ettermiddagen skal eg køyre 3 x 10 minutt intervall på puls 75 – 85 % av maks, for min del 127 – 144, og det skal være avlasta aktivitet, det vil seie at du ikkje ber heile vekta di sjølv. Sykkel, ski, ergometersykkel, svømming. For min del blir det racersykkel. Det eg opplever (som eg trur skuldast at det er dagens andre intevalløkt), er at pulsen kjem veldig fort opp. I motbakke må eg virkelig ta det med ro for ikkje å komme over 144, og når eg skal kvile, kan eg nesten ikkje komme borti trøene utan at pulsen skvett over 120.

– Er det ikkje blytungt? spør kameratane mine meg. Jau, det er det. Men det er alltid tyngst før eg kjem i gang.  Eg blir svakare og svakare for kvar økt. Kjem kortare og kortare i -jogge-motbakken, må ta det stadig roligare på sykkelen for å halde meg innafor pulsmålet. Ein anna ting eg merkar er at «pause»-pulsen blir stadig høgare. I forrige veke brukte eg å komme ned på 82-83 mellom intervalla, i går kom eg ikkje under 97.  På butikken i går var eg så sliten at eg oppdaga plutselig, på veg ut med to tunge handleposar, at eg gjekk med sakte museskritt, som om eg var på veg opp ei lang li med svintung sekk.  Eg gjekk heim, åt ein stor bolle med salat, sov ein halvtime, drakk to koppar kaffi med honning og H-melk, og så tok eg sykkeløkta.

Siri Marte seier at eg skal drikke, drikke, drikke, og etter trening unne meg litt eplemost i vatnet og litt salt i maten (som held på vatnet), så eg tek meg bedre inn att. Eg er ikkje vond å be.

Eg slepper opp litt på kosten og no. Er rett og slett nødt til det, ellers ville eg ikkje greidd å gjennomføre den andre økta.  Kvar kveld unnar eg meg 50 gram av godbitane eg kjøpte på delikatesseforretning med TV2 i Oslo i vår. Roquefort-osten eg hadde spart til eit spesielt høve viste seg å gå ut på dato 19. mai, og var blitt gamal og tørr 🙁 Men det er ein god øvelse i snacksing og, dette her: Eg måler opp 50 gram, feit ost eller spekepølse eller chips, og så et eg musebitar som eg syg på så lenge det finst smak i dei. Sånn sett er jo tørr ost bedre enn blaut. I dag mens eg sprang, tenkte eg for kvart steg: Ost, ost, ost, ost. Ingen fare med vekta: På slutten av ettermiddagsøkta får eg «råtne-pusten», som folk får som trenar meir enn dei har energi til.  Siri Marte blir litt betenkt når eg snakkar om det, eg trur kanskje ho trur at det betyr at eg forbrenner muskelmasse. Eg trur kanskje eg trur det og. Så då roar eg kraftig ned.

Søndag og mandag skal eg ta heilt treningsfri, så kroppen får tid til å ta igjen alt eg har brote ned denne veka – og ganske mykje til. Det er det som kallast ein super-kompensasjon. Kvar gong eg har persa, har det vore på ein dag der eg (av praktiske årsaker) ikkje har fått trent på to dagar.

Og tirsdag, då skal eg troppe opp på eit laboratorium i Trondheim der folk i kvite frakkar skal barbere overkroppen min, sette klype på nasa mi, tre ein grov plastslange inn i munnen min som sprutar knusktørr luft ned i lungene mine, sette elektrodar på hjartet mitt, og så skal dei plassere meg på ei tredemølle og sakte men sikkert auke tempoet til eg skrik om nåde, og heng over rekkverket og skjelv, og slimet heng frå munnen min og heilt ned på golvet (det gjorde det sist). Og veit du kva? Eg gledar meg. So gale er det.

Kommentarer