Sølvteip-ekspressen

For å få fart på vekta igjen (nedover, altså) har eg innført ei fast morgonøkt før frokost. 30-60 minutt på tom mage. Teorien er at fordi kroppen ikkje har karbohydrat å fyre opp med, vil dette sette fart i fettforbrenninga.  Her er det Sølvteip-ekspressen kjem inn.

Sølvteip-ekspressen går gjennom sitt årlige, ettpunkts vedlikehaldsprogram.

Dei første dagane sykla eg ein liten time, men så kom eg på at eg har jo ein båt, eg. Ein 13 fots aluminiumsbåt som eg arva etter far min, og som i tolv år no har lagt og slengt på ei rullesteinstrand ved Viksdalsvatnet.  Vannstanden varierer med ein meter eller meir, og båten ligg der smekkfull av regnvatn om sommaren, og som ei gigantisk isbit-form om vinteren. Nokre gonger om sommaren  dreg vi ein tur med oter og varmrøyker aurane vi får og kosar oss skikkeleg, men så veldig mykje brukt har han ikkje vore.

Det fine med ein aluminiumsbåt er at båtpussen er veldig begrensa: Ein gong i året veltar eg han rundt og let han tørke skikkeleg i sola. Så teipar eg alle hol med sølvteip. Ferdig.

Så ein dag i forrige veke tok eg på meg pulsbeltet og sette meg til å ro. Eg kasta ut ei stang på kvar side av båten, og så stakk eg dei ned i støvlane mine. Rett som det er får eg nok aurar til ein koseleg liten kveldsmat.  Når eg ror nesten alt eg greier, kjem pulsen opp i 105, men høgare kjem eg ikkje.  Men det er nok, seier Siri Marte. Eg skal berre finne in aktivitet eg kosar meg med, så er det fint. Og kosar meg, det gjer eg: Såpass tidleg om morgonen ligg vatnet ofte blikk stille. Eg let det gå sport i å stikke åreblada ned i vatnet utan ein lyd, så dreg eg til i eit hardt, langt kontrollert røsk, og så løftar eg årene opp utan anna lyd enn dropane som dett frå bladet. Vipppar fram, nytt tak.

Langt oppe på vatnet ser eg den stigande sola komme over fjellet og bade strendene i varmt, gult solskin. Eg legg kursen dit. Sjå det for deg: På ei speilblank vassflate der himmel, svarte fjell, kvite fonner og grøne lier speglar seg perfekt, sit Maratonmannen, som om han svevar midt i ingen ting, og legg seg på årene, opppover, bortover, inn i det skimrande lyset, i det fagre, vidunderlige livet som (no) ligg framfor han.

Slik har eg det kvar morgon. Kjekk slankekur:-)

Så er det heim att og ete frokost. Og den frokosten smakar godt, det skal eg love deg. Og vekta? 101,5 for sju dagar sidan. Ned tre kilo på fire veker. Vi er i gang igjen.

Kommentarer