Inn i det ukjende

Slik (bildet) begynte dagen min i dag, og slik skulle han fortsetje.  Roturen min i dag tok meg langt inn i skoddeheimen, og ei stund var det om eg flaut i eit endelaust, grått tomrom.  Eg visste ikkje aust frå vest, og måtte berre stole på at lukka står den kjekke bi. Og før dagen var omme, skulle heile livet mitt vere blitt akkurat slik.

Slik var dagen min i dag. Lat oss håpe sola bryt gjennom til slutt.

«Life is what happens while you’re busy making other plans» sa John Lennon, og det fekk han jo rett i.  Og no har det skjedd med meg. Denne veka skulle eg gå på Galdhøpiggen med eldste dotter mi, og så skulle vi køyre vidare til Oslo og møblere leiligheta ho skal flytte inn i, den første ho bur i utan mamma og pappa. Så skulle eg vidare til svigermor i sommarparadiset Larkollen, symje i havet og sykle lange turar innover mot svenskegrensa.  Men i kveld skal eg leggast inn på sjukehus. Med mistanke om alvorleg hjartefeil.

Brystmertene frå mai er komne tilbake. Det begynte med ein tur på Veten i Bremanger saman med min ven Svend, ein langt komen treningsnarkoman. Vi drog opp eit voldsomt tempo opp frå Grotlesanden, dei første 400 høgdemetrane gjekk på 25 minuttar. Så småsprang vi inn ein liten dal, og så kjørte vi på opp ein lang, dryg bakke til. Pulsen hamra og slo rundt 150 i bortimot 45 minutt. Så kom det: ei knipande smerte bak og til venstre for brystbeinet, så vond at eg berre måtte dra ned tempoet kraftig. Etter fem minutt gav det seg gradvis, og resten av dagen kjende eg ingen ting.

Men så kom det att. På neste treningstur, etter trening, i bilen, mens eg la i vaskemaskina, dei siste dagane har eg kjent det fleire gonger kvar einaste dag. På internett fann eg ei side der det sto at dersom ein fekk brystsmerter under lav aktivitet, måtte ein ringe 113  umiddelbart, for det kunne vere eit hjarteinfarkt i emning. Dette fann eg noko urovekkande.

Ein lege eg gjekk til, meinte det var utelukka at eg hadde eit hjarteproblem. Tatt i betraktning at eg har gått ned førti kilo, og så knallhardt som eg har trent siste halvåret, så ville eit slikt problem eventuelt ha meldt seg lenge før, sa han.  Det var nok ein betennelse i muskulaturen i brystet, meinte han, og gav meg resept på noko Voltaren-aktig.

Dette var i går. På ettermiddagen spurte dotter mi meg om eg ville være med på Grønefjell, ein vidunderleg fjelltur som begynner rett bak huset vårt. Eg tenkte på hjartet mitt. Eg hadde vondt i brystet. Til slutt bestemte eg meg: Du får stole på legen din. Går du ikkje no, så tør du ikkje i morgon heller. Og då kan du gløyme heile prosjektet ditt. Så vi gjekk. Eg viste dotter mi kor i sekken eg hadde to dispril.  Eg var livredd. – Kvar augneblenk no får du eit sleggeslag i brystet, tenkte eg. Då gjeld det at du rekk å seie til henne: » Ring ambulanse! Få dispril!» Det skal visstnok være veldig bra for folk med hjarteinfarkt.  Dispril, altså. Ambulanse og, forresten.

Det gjekk bra. Men då eg kom ned att tenkte eg at slik kan du ikkje ha det. Så i dag ringte eg til hjartespesialisten som tok belastnings-EKG på meg i mai. Ho ringte på att seinare på dagen (etter at eg hadde pakka til Galdhøpiggen, ja), stilte nokre spørsmål, og bestemte at eg skulle leggast inn på Sentralsjukehuset allereie i kveld.   I kveld skal det takast blodprøvar og røntgen, i morgon skal eg på nytt sykkel-EKG, og finn ein ikkje noko der, gir ho seg ikkje før eg har vore på koronar angiografi. Og finn ein ikkje noko der heller, har den første legen rett: Då er det ein muskel-betennelse, og eg kan trene på som før.

– Men ein ting må du ha klart for deg, sa hjartespesialisten:

– Du skal ikkje trene meir før vi er ferdige med desse undersøkelsane, og finn vi noko, og ei åre må blokkast ut, kan du berre gløyme maraton i september, skjønar du det?

– Jada, sa eg.  Kva skulle eg ellers seie? Så her sit eg, og må berre legge alt (og nesten det einaste) eg har tenkt på det siste halvåret på vent. Det er veldig rart. Kvar gong eg skal begynne å tenke ein tanke, så begynner den med noko som har med trening å gjere. Eg kjem ikkje på noko anna. Og så er det kanskje heilt bortkasta. Kanskje eg skal prøve å lese ei bok. Kanskje eg kjem på rom med nokon som likar å snakke om intervalltrening.

No reiser eg meg, og så pakkar eg ein liten sekk, og så køyrer eg bort til sjukehuset. Eg håpar eg kjem heim att. I så fall snakkast vi. I motsett fall skal eg helse John Lennon.

Utsikt frå Grønefjell. Og eg sit og tenker på døden. (Foto: Ingrid Øvretveit)

 

Kommentarer