Ute på prøve

Aller først: Takk til alle som bryr seg, og alle fine kommentarar. Det varma. Eg lever og har det greit. Alle prøvane dei kunne ta på Sentralsjukehuset i Førde var fine, men smertene i brystet er der framleis og set ein stoppar for all trening. No er eg heime på permisjon, men mandag skal eg inn att, og tirsdag skal eg på koronar angiografi på Haukeland.

Vanskelig å sjå sprek ut i det utstyret.

Det har vore ei uvanleg veke.  Tirsdag kveld møtte eg opp på akuttmottaket i Førde med ein liten ryggsekk med klede og bøker. Dei la meg i ei seng, tredde på meg ei sjukehustrøye, tappa fem glas blod av kroppen min og sette inn ein veneflon. Eg følte at no mangla eg berre ein USB-kontakt, så var eg fullt kompatibel. To legar undersøkte meg i nesten to timar. Det er heilt sant. Begge to ville veldig gjerne vite akkurat kor desse smertene var lokalisert, og kor lenge anfalla varte. Men når eg legg meg i ei seng, då forsvinn smertene. Dessutan varierer det litt kor dei sit. Venstre side av brystet, er vel alt eg kan seie.

Eg vart liggande natta over med EKG-overvaking (fem elektrodar limt på brystet), trudde aldri eg skulle få sove, men det gjekk greit. Neste formiddag bar det rett til hjartespesialisten, som (som tidlegare nevnt) ikkje vil ha namnet sitt på trykk.   Men det er ho same som i mai i år åtvara meg mot fortsett hardtrening, fordi eg risikerte hjartetrøbbbel. Og no ligg eg her. Eg ser den.

Ho sette meg på ergometersykkelen og lot meg peise på, mens ho følgte med på blodtrykk og ekg. Sist gong stivna eg før eg fekk ytt maks, men denne gongen kom eg «gjennom» melkesyreterskelen og kunne trakke til det eg hadde. På 280 watt (puls 158) sa ho at no kunne eg gi meg, det var meinigslaust å fortsetje.

– Målingane her tyder på at du er meget sprek og sunn, sa dama. Blodtrykket ditt er jo ekstremt bra  (123/74 i ro, 180/90 under maks ytelse), så hjartet ditt ser ut til å være sterkt og veltrent. Bølodprøvane dine fortel om eit kjernesunt kosthald, så alt vi ser her tyder på at du er frisk. Men smertene du beskriv høyrest ut som eit trugande angina pectoris, så vi har ikkje anna val enn å ta det alvorleg og sende deg til Haukeland for nærare undersøking, sa ho.

– Fram til då er du å betrakte som hjartepasient. Vi set deg på hjartemedisin, og du skal unngå anstrengelsar, sa ho. Og det er jo eit litt upresist uttrykk.

– Ikkje intervalltrening, altså?

– Nei.

– Berre fjellturar og sånn, altså.

– Nei.

– Men roing er bra.

– Nei. Du kan spasere, sa ho, og så sende ho meg heim på permisjon.

Så i går tok eg på meg fjellsekken, og så spaserte eg på ein liten moltetur. Ein times tid inn i fjellet. Komt ein halvtime av garde, så hadde eg så vondt i brystet at eg nesten ikkje fekk puste. Eg tenkte på å roe ned litt, men tilstedeværelsen av opptil fire kleggar samtidig gjorde eit stopp lite fristande. Vi fann ei og anna molte, meir var det ikkje. På veg fram att ringte eg hjartelegen for å rapportere (som eg skal gjere kvar dag), og der fekk eg det glatte lag:

– Når eg seier spasere, så meiner eg spasere til og frå postkassen, ikkje ein times tur inn i fjellet, sa ho.

– Frå no av er det full stopp på all aktivitet som gjert at du får vondt i brystet, skjønar du det?

– Jada (,mamma), sa eg. Og det skal eg halde. Men vondt i brystet har eg dei siste par vekene fått av å gå i motbakke, å sortere klede, å rydde på kjøkkenet, å ro, å kaste med fiskestang, til og med av å køyre bil. Så her sit eg, og kan ikkje anna. Fy fader og inni granskauen, så kjedelig det er. Eg har heldigvis ein god kamerat på besøk.

– Vi kan lage lister, sa kameraten min, sånne lister som dei lagar i Dagens Næringsliv. Verdens ti beste LP’ar, verdens ti finaste byar, skjønar du?

– Men kva skal vi lage lister over? spurte eg.

– Det er den første lista, sa kameraten min. Og her kjem den:

Verdens ti beste album

Verdens ti finaste låtar

Ti beste måltid

Ti beste bøker

Ti beste turmål i Sogn og Fjordane

Ti beste opplevingar (uansett sjanger)

Ti beste filmar

Ti beste fjelltoppar

Ti ting du må gjere før du dør (kom plutselig til å tenke på det).

Ti ting du ikkje må gjere før du dør.

Ti verste måtane å døy på (nei no må eg gi meg)

Sidan eg ikkje har anna å gjere, så skal du få listene etter kvart som eg lagar dei. Bloggen blir med andre ord oppdatert dagleg dei neste dagane, og kanskje fleire gonger for dag. Det kjem an på kor hardt eg kjedar meg. No er det ikkje sikkert at sjefane på nettdesken gidd å bruke halve forsida på å fortelje at «No har Ole Johannes lista opp dei ti finaste fjella han veit om», så du må gå inn og sjekke sjølv. Eller legge RSS-feed på bloggen, for dei som veit kva det er.

...ja, forresten. Dette kjem nok med på lista over ti beste opplevingar.

Kommentarer