Heisar handduken

Legg merke til korleis eg skodar høgtidsstemt, men optimistisk inn i framtida. Legg også merke til balkongplantane. Eg klarte nesten å venne dei av med vatn, men så var det noko som gjekk gale.

«Kaster inn håndkledet», sto det på bt.no her om dagen, rett ved sida av eit bilete av meg. Eg fann ikkje ut kven som hadde kasta inn handduken, men det var i alle fall ikkje meg. Eg har ikkje kasta handduken min verken inn eller ut, eller bak eller fram, eg har derimot heist han som eit flagg. Og der skal han få henge til den dagen eg tørkar sveitten etter mitt første maraton. For eg skal springe maraton. Det blir berre ikkje i Medoc.

Å kaste inn handdukar er elles ikkje noko maratonløparar driv med, det er det boksarar som gjer. Og strengt tatt er det ikkje boksarane som gjer det heller, men trenarane deira. For når det kjem så langt at det blir kasta handdukar inn i ein boksering, då er det eit signal om at boksaren det gjeld ikkje er i stand til å kaste noko som helst, anna enn kanskje opp.

Handduken min er ein Liverpool-handduk, så den kastar eg sjølvsagt ikkje nokon stad. Den har nok aldri berørt bakken. Ting som det står Liverpool på er litt heilage for meg. Eg har til dømes eit lite kapell i skogen på Hestad i Viksdalen. For andre ser det sikkert ut som eit gamalt stølshus, men eg veit at denne fattigslege stova husar ein heilag relikvie, og det er Liverpool-kruset som foreldra mine tok med heim frå London i 1978, med bilder av Steve Heighway og Kevin Keegan og heile resten av laget pluss Bob Paisley.  Det er så falma av dagslys at bilda begynner å bli vekke, så på eit tidspunkt fann eg ut at kruset fekk gå ut av tida og inn i mørket der oppe. Og sist eg var i England, kjøpte eg meg altså ein Liverpool-handduk. Det er ein heilt spesiell handduk, så den brukar eg difor berre over beltestaden. Til det andre har eg ein Manchester United-handduk. (Ja, berre forsyn deg, Frode Øverli, eg veit du har stole frå meg før).

Og Liverpool-handduken min har eg no heist ut på balkongflaggstanga mi, så alle som køyrer E39 gjennom Sande i Sunnfjord kan sjå at her bur ein kar som trenar til maraton.

Det er sant, eg har utsett maratonet. Det er det fleire grunnar til. For det første, så var eg redd for å øydelegge hausten, som for meg er den aller finaste årstida (eg må setje av eit heilt blogginnlegg til haustens pris, så vi går ikkje nærare inn på det no).  Øydelegge han ved å presse meg gjennom eit halsbrekkande maraton der eg kanskje sprang på meg ein skade etter to mil, og så brukte to mil til på å hamre den fast for årevis framover. Det er nok av dei som har gjort det.  Nei, lat meg heller bruke moltesesongen, rypejakta og kanskje første del av skisesongen til å komme lenger ned i vekt, opp i styrke og kanskje endå eit hakk kvassare form, så skal det bli saker.

For det andre, så er eg litt skada. Eg sprang åtte kilometer på asfalt på litt over ein time saman med bror min på Sotra for ei veke sidan. Då vi ga oss, var eg ikkje det minste sliten. Eg veit at den dagen kunne eg ha klart fire slike økter til. Men ikkje utan å skade meg alvorleg. For neste dag var eg ikkje støl, men eg hadde veldig vondt i den høgre hælen. I sjølve fettballen som omsluttar hælen. Denne hælen var det som sette meg ut av spel i Berlin tidlegare i sommar, og den har eg kjent på mange gonger før.

Siri Marte Hollekim (treningseksperten TV2 har utstyrt meg med) seier at slike problem utruleg lett kan bli kroniske, og då kan eg bli slitande med det i månadsvis, kanskje år. Ho meiner skaden kjem av at  eg nok framleis er for tung (97 kg no)  til å springe meir enn heilt korte strekk (vi snakkar nokre hundre meter om gongen). Men eg kan gå (gjekk ein fem timars fjelltur lørdag (Storehesten) utan problem), og eg kan sykle (sykla Gaularfjellsrittet i går), og formen er kanon (persa med seks minutt på t/r Sande – Eldalsosen fredag, 48 km, før 1 t 45 minutt, no 1 t 39 minutt). Så formen er bra, eg er berre for tung til å springe. Så no er planen klar: Eg har ingen plan. Ikkje anna enn at hausten blir ein transportetappe, der eg skal ned i vekt og endå litt opp i form. Og så, når eg er komen ned ti kilo til, så skal eg prøve å springe nokre kilometer, og så får vi sjå. Trur det blir ein bra haust, eg. Om enn noko mager.

Og forresten, a propos Frode Øverli : I siste nummer av Pondus dukka denne stripa opp. Eg har ei sterk kjensle av at gjesteteiknar Nils Axle Kanten må ha observert meg i eit tidleg stadium av dette prosjektet…

Eg synest dette minner påfallande om gamle bilder av meg.

Kommentarer