Farleg fornøgd

– Kvifor skal du springe maraton? spør fleire meg. – Du ser jo så flott ut no, og helsemessig er du vel heilt på topp og alt er fint? Kan du ikkje eigentleg seie deg nøgd no? Det er farleg når ein begynner å bli fornøgd.

Eg briskar meg litt her. Poserer, nærmast. Eg kan skjøne det viss du syns det er litt vel mykje. Men eg syns eg har lov til å kose meg.

Status: I dag er eg 94,2 kilo, eg ser frisk og flott ut, og eg går lett opp tusen høgdemeter på ein dag og spring rundt på rypejakt til det mørknar – og kan gjere det same neste dag.  Kvardagane mine er gode og energiske, og eg vaknar stadig vekk med kjensla av å kunne dra opp mellomstore busker med rota og slenge dei over garasjetaket. Men kva skulle eg no det for? Det blir fort bråk av slikt.  Men for alle praktiske hensyn, so er no målet med prosjektet mitt nådd.  Eg kunne no vere frista til å lene meg tilbake og nyte fruktene av mitt arbeid. (Apropos det, mens eg hugsar det, så er alle bekymringar i forhold til sist blogginnlegg («Hjelp, eg gjekk på fjellet fire dagar i strekk og gjekk ikkje ned eit gram») som blåst bort.  TV2 sin treningsekspert, Siri Marte Hollekim, las blogginnlegget mitt og skreiv følgjande SMS til meg: «…du kunne valgt kaloriene med mer omhu (Skal tru om det er sjokoladen, chipsen, ølet eller whiskyen ho tenker på. Nei det er sikkert den der Real Turmaten) og hatt god mettende turmat med mindre kcal. Men kan hende å ligge i energibalanse på slike dager som du har hatt i fjellet, ikke er så dumt mht forebygging av skade mv. Det er værre å ligge i energiunderskudd på fjelltur enn i hverdagen, og det tror jeg heller ikke er så lurt. Kan hende det er hva du må betale (lik vekt) for å være i fjellet – og det må det da være verdt? Du når da målet ditt likevel

Ja, slike kostholdsrådgjevarar vil vi ha!

Men, tilbake til det å være fornøgd. No gjeld det å tenke på kvifor eg utsette maratonet: Fordi målet var ikkje å (med nød og neppe) gjennomføre eit maraton, målet var å bli eit menneske som er i stand til å gjennomføre eit maraton på ein god måte, altså utan å pådra seg langvarige skadar, eller knekke seg så ein får styggen på springing i lange tider. Og kvifor denne nyansen? Jau, fordi eit menneske som er i stand til å gjennomføre eit maraton på ein god måte nødvendigvis, nærmast per definisjon, er nødt til å være eit gjennomtrent menneske i toppform, som ikkje har så veldig mange gram fett meir på kroppen enn naudsynt. Og so, då? Kvifor vil eg heilt opp dit?

Jau, fordi den tida som eg no gjennomgår, det er tida som mange refererer til «tida etterpå».  Det er no når alle klappar deg på skuldra det begynner å gå tungt, det er no kvar attgløymd peanøtt (etter ungane) i ei skål på benken ropar til meg: – Neimen alvorleg talt, Ole Johannes, du som kan gå på Fløyen på ein time, skal ikkje du kunne ta deg ein liten neve peanøtter? Det er no, i månadane framover, eg skal venne meg til ein livsstil som tek meg heilt ned i matchvekt så eg får kjenne kva som verkeleg bur i denne kroppen. Kanskje er eg ikkje berre i stand til å dra med meg ein lavvo på fjellet, kanskje kan eg gå tvers gjennom Tibet? Eller sykle med ein tilhengar til Nordkapp? Det må då finnast ein eller anna nettstad som er interessert i ein blogg frå ein slik tur?

Kvart kilo eg har gått ned, har gjort livet lettare. Men eg trur at sjølv om kiloa går tyngre av no, så er kvart av dei av større betydning enn dei forrige. Eg trur det har større betydning for mobiliteten å gå frå 94 til 89 kilo, enn frå 125 til 120. Og eg har lyst å sjå korleis livet artar seg for eit veltrent menneske på 80 kilo. Eg har det. No skal eg berre holde koken nokre månader til, så er eg der. Snart håpar eg skisesongen er igang igjen, og tenk kor kjekt det skal bli å legge ut på ski, tretti kilo lettare enn sist eg gjorde det? Og kor kjekt det blir å gå på fjellet med randonneski eller truger, kunne drive fellefangst etter mår og ligge i ei koie midt innpå fjellet og fyre bål og sjå på vinterstjernehimmelen?  Eg må berre drive på.

Kosthaldet er ikkje noko problem. Eg har lært meg eit repertoar av gode, magre rettar for eitkvart høve, og eg gledar meg til kvart måltid. Men mosjons-biten? Halvtimesturen før frokost kvar dag går greitt, den gledar eg meg til, uansett kor dårleg været er. Kveldsøktene er og greie, ein time på puls 105 på ergometer i kjellaren mens eg enten ser på film eller spelar Super Mario 4-player Wii med døtrene mine. Det er koselig. Men dei tunge øktene midt på dag (dei dagane det ikkje er ver til ein fjelltur) blir tyngre og tyngre. I dag har eg valet mellom å sykle halvannan time på ergometersykkel til ein film i kjellaren, eller gå ut i høljeregnet for å springe 4 x 4 motbakkeintervall. Det er så kaldt og surt ute at eg blir nødt å springe første del med ei tung jaktjakke for ikkje å fryse, og så må eg slenge ho av meg og plukke ho opp våt som ei vaskefille på veg heim att.   Så kjem eg heim klissvåt frå innerst til ytterst, og så ligg badet fullt av treningsklede til tørk heile ettermiddagen, det blir eit uhorveleg styr. Men så set eg meg i ein stol med ein kopp kaffi, og veit med heile meg at eg er ein Maratonmann. Okei, no er det slutt på gruinga, no går eg berre ut og gjer det. Huff : – /

(Mandag, klokka 18.30): …og så vart det altså tidenes intervall-økt. Eg gjekk hardt ut dei første tretti sekunda, og så heldt eg koken (såvidt) ut intervallet, og kom femti (!) meter lenger opp i bakken enn nokon gong før. Til det fjerde og siste intervallet kom kona mi og to av døtrene mine og filma meg (Fruen kjørte, Ingrid (17) var copilot og passa farten, og Gjertrud (14) sat i bakluka og dingla med beina og filma) , og då vart eg så inspirert at eg låg på puls over 170 dei siste 120 sekundane av intervallet. Eg tel antal sekund, og ikkje minutt, for eg sleit meg gjennom kvart einaste av dei. Akkurat ferdig, så kom det ei sinnssjuk haglbyge. Og sjå på videoen  Intervall i haglstorm   kor da bryr meg? Pøh! Det viser berre korleis nokre minuttar oppunder makspuls kan forandre ei pyse til ein mann 🙂

Kommentarer