Kvifor drit Staten i oss tjukkasar?

Aller først: Eg har fått tilbakemeldingar som kan tyde på at folk trur eg  meiner fedmeopererte har valgt den lettaste løysinga. Du vil sjå at eg meiner det stikk motsette. No har eg lese ein artikkel i Tidsskriftet for Den Norske Legeforening om korleis dei har det, dei som vel denne løysinga: http://tidsskriftet.no/article/2147432 og det er skremmande lesning. Sjå spesielt avsnittet om postoperative plager. Dei som frivillig vel å utsetje seg for noko slikt, dei fortener all mulig respekt. Og dei har antakeleg ikkje noko anna val.

Okay, så er ikkje alt berre glede: Denne veka, ein times gange inne i fjellet, i 50 cm nysnø. Det er då du helst ikkje vil rive bindingen av skia. Men det vart no bra mosjon av det...

Men, og då kjem vi til dagens spørsmål: Kvifor i all verda lar myndighetene det gå så langt før dei gir folk eit tilbod,  ein operasjon som i beste fall kostar Staten (altså meg og deg) 150 000 kroner, pluss minimum 6-8 veker sjukmelding?

La oss berre slå fast at den aukande fedmen i befolkninga er eit offentleg anliggande. Rett og slett fordi det er Staten som får rekninga til slutt uansett, i form av sjukmeldingar, uføretrygder og fedmeoperasjonar. Spørsmålet er berre kor langt det skal få gå, og kor dyrt vi skal la det bli, før ein gir folk eit tilbod.

Det er jo ikkje slik at folk plutselig våknar opp ein dag, og så er dei sjukelig overvektige? Det er jo ein karrierevei, dette her? Vi legg på oss to kilo i året, og når vi er 20 år, så veg vi 90 kilo, og når vi så blir førtifem år, så veg vi 140? (Du kan no sjølv rekne ut omtrent kor du er på denne veien).

Ved BMI 35 begynner mange å få overvektsrelaterte sjukdommar som kan gjere det vanskelig å ta tak i sakene på naturlig vis. Tenk kva Staten hadde spart av pengar, og tjukkasar hadde spart seg av lidelse, prusting, pesing og blodslit, dersom ein hadde hatt ei ordning der, idet ein passerte f.eks. BMI 30, så fekk ein tilbod om eit program som inkluderte motivasjon, trenings- og kostholdsrettleiing. Det tragiske i dette er nemlig det, at eg veit at mange, idet dei les dette, kjenner eit visst ubehag ved tanken på at dei ein dag kan bli nøydde til å gå ut døra i den hensikt å bli svett og få høg puls. FORDI DEI IKKJE VEIT KOR FINT DET ER!!!

Men det tek ei veke, eller kanskje fem, alt etter kor tett treningsøktene kjem. Men det veit vi, alle som har prøvd det, at jamn trening er eit narkotikum som du blir steinhardt avhengig av, ein må berre halde på så lenge at ein blir hekta.

Eg var i radiodebatt med ein forskar som meinte eg dreit meg ut fordi eg advarte folk mot slankeoperasjonar, men vi vart i alle fall einige om ein ting: At  idet folk passerer ein viss BMI burde dei få tilbod om eit program som inkluderer 10 treningstimar med ein personleg trenar (så dei får sjå kor lett innsats som faktisk er tilstrekkelig), og ti kveldar med ein ernæringsfysiolog, som lar dei smake på, og lærer dei å lage, eit repertoar matrettar som er sunne, gode og som du kan ete ei bøtte av utan at du legg på deg.

Og no kjem vi til draumen min: Tenk om eg kunne ta med meg ein gjeng tjukkasar på Ole JOhannes’s villmarkscamp: Ei heil veke, der vi gjekk i rolig tempo gjennom vakker natur i fire-fem timar kvar dag. Så kjem vi fram til ein leirplass, kanskje ei turisthytte, og der lagar vi sunn mat, mens vi snakkar om veien ut av overvekta. Om kva som skjer med kroppen når vi trenar (det syns eg er veldig motiverande), om draumar vi hadde ein gong, men som ein stad på veien vart knust av overvekta (eg ville gå tvers over Grønland). Om betydninga av eit grandiost mål, fordi det dreg oss gjennom det halvåret som skal til for å få store resultat, og for at vanar skal få feste seg, om viktigheten av å trene kvar einaste dag, fordi det eliminerer dørstokkmil-diskusjonen. Om sex. Der er gevinstane så store at eg får meg rett og slett ikkje til å gå i detalj om det skriftleg, men på tomannshand skulle eg ha klart å avsløre eit par meget motiverande fakta. Vi skulle snakka om kvifor vi av og til ikkje må sjå lenger fram enn den neste timen, om Anonyme Alkoholikarar, som gjev nye medlemmer ei jakkenål med ein kamel, ikkje fordi dei er tørste som kamelar, men fordi ein kamel kan gå eit døgn utan å drikke. Og av og til er det så langt fram som vi orkar å sjå.   

Og vi skulle snakka om urinsyregikt (fot-i-skruestikke-med-sadist-ved-skruen), om slag, om hjarteinfarkt, om nyresvikt, om alle dei tinga som uvegerlig ventar lenger nede i veien for ein som ikkje gjer noko med overvekta si. Viss ein då ikkje tar ein slankeoperasjon. Og les du lenka i begynnelsen av dette innlegget, så veit du at det MÅ gjerast noko med sakene lenge før du kjem dit. Kanskje rett og slett i dag. Kanskje tida rett og slett er komen.

Kvar dag i sju dagar skulle vi rusle av garde, føre samtalar som tok fleire timar, tenke tankerekker lengre enn vi nokon gong før har gjort, ete nydelege rettar, gå stappmette til sengs, og få ein forsmak på kva livet har i vente for ein, berre ein set seg i stand til å nyte det. Og når veka var omme, skulle vi vege kvar deltakar ut (altså på badevekt), og dei skulle være tre kilo lettare enn veka før, og dei skulle ha fått ein pangstart på det nye livet sitt.  

Åh, det finst så uendeleg mykje godt og meiningsfylt arbeid å gjere, så mange menneske som går og ventar på eit bedre liv! Kvifor tek ikkje Staten tak i dette? Kvifor er det overlatt til private (meir eller mindre seriøse) aktørar, og dei mest ressurssterke av oss? Eg synest ikkje det er rett.

 

Kommentarer