Slit vi for hardt?

Det er ikkje slik at du får bedre treningsutbytte, dess høgare pulsen er. Og det får eg vite no…

Meg, for ein månad sidan. Ville du følt det trygt om den mannen hadde 160 i puls?

Eg har no vore til hjarteundersøking, samt snakka mykje med Siri Marte Hollekim (TV2-treningseksperten).  Begge er klare på at veldig høg puls (over 90 % av maks) ikkje har noko særlig for seg.

Siri Marte først:

– Det som gjer at hjarte/lungekondisjonen din blir bedre, er først og fremst at hjartet blir sterkare. Det kan delast i to element: Det første er at muskulaturen i hjartet blir sterkare, slik at blodet kan pumpast med større trykk og fart gjennom hjartet. Det andre elementet er kor elastisk hjartet er, altså kor mykje blod det kan fylle i seg for kvart slag. Begge desse elementa får eit optimalt bedrings-signal på ein spesiell puls, og det er (den høgaste) pulsen der hjartet ditt fyller seg heilt opp. Kjem du over denne pulsen, rekk ikkje hjartet å fylle seg heilt opp før det skal slå igjen. Kva puls dette er (i prosent av makspuls) er individuelt, men som regel slik at for eit utrent menneske kan det ligge på 75 % av makspuls, mens for ein toppidrettsutøvar på 90 % av maks.  Kjem du over denne pulsen, oppnår du to ting: Du får det jævligare, og treningsutbyttet går ned. Så med mindre du er glad i smerte, er det ingen grunn til å trene på noko høgare enn denne pulsen.

Mi erfaring: Min makspuls er 170. 90 % av det er 153. Eg veit at så lenge eg ligg på puls 148, syns eg det er til å leve med. Kan halde på sånn i ein time, om så er. Men kjem eg opp i 153, føler eg at dette må ta slutt veldig snart. I fireminutts intervalløkter ligg eg omtrent der, og då er eg veldig glad når økta er ferdig. Kanskje er min optimale treningspuls 148 ? Det ville i så fall tilsvare 87 prosent av maks, noko som plasserer meg veldig nær toppidrettsutøvar-nivå. Kan det være mogeleg? Eg slit for tida med å halde følgje med vanleg godt trente menneske på ein bratt fjelltur, men dei har tross alt 30-40 kilo mindre å bære på. Kanskje ligg alt mitt potensiale herifrå og til september i vektnedgang? (Gitt at eg held formen ved like).

Så legen:

– Ein mann på 40-50 år vil i mange tilfelle bære med seg spor etter eit litt mindre helsebevisst liv, i form av avleiringar på innsidene av blodårene. Ein må sjå eit hjarte i aksjon (t.d. på ein ultralydskjerm) for verkeleg å skjøne kor fort hjartet jobbar, og for eit trykk og ein hastighet blodet strøymer gjennom hjartet med. Ved høg puls er trykket og farten gjennom tynne blodårer veldig stor, og der blodårene gjer ein knekk eller brå sving, kan det danne seg turbulensar. Desse turbulensane blir ståande og «spyle» mot blodåreveggen, og plutselig kan litt av belegget løsne og drive med blodstrømmen. Blodåresystemet er slik laga at årene fordelar seg i tynnare og tynnare årer, og til slutt blir det for trangt for denne klumpen, og den stoppar. Er han liten, vil han blokkere ein bitteliten del av hjartemuskelen, og du vil kjenne det som eit vondt sting, men ikkje meir enn det. Er klumpen derimot litt større, kan han stoppe her (viser på ei teikning av hjartet), og då stoppar blodtilførselen til heile ditt venstre hjartekammer. Og då døyr du. Eg vil ikkje at du skal unngå pulsnivå over 140, men eg vil seie at konkurranseidrett er ikkje noko for menn over 40. Då hender det at folk blir freista til å presse seg for hardt, og så skjer slikt. Det kan godt gjere litt vondt, men gjer det skikkeleg vondt, skal du bremse.

Mi erfaring: Eg har nok eit belegg inni blodårene mine. Det ligg fleire år med fri flyt av røyk, pølser, chips og øl bak meg enn eg likar å tenke på.

Eksperiment: Eg set ei litt svidd steikepanne i vasken, litt skrått så vatnet renn av. Den er såpass svidd, at eg tippar belegget eg har på innsida av blodårene ikkje er noko særleg hardare enn det. Så let eg vatnet renne frå krana rett ned på svi-belegget. Etter elleve timar er den flekken der vatnet treff, rein. Belegget er spylt av. Det er berre eit spørsmål om tid. Og dette er kva vatn gjer. Ei tyntflytande væske som dett rett ned frå springen, utan trykk. Kven veit kva blod ville utrette, ei adskillig tjukkare væske, som i tillegg blir pumpa med eit visst trykk? Det vil eg helst ikkje finne ut.

Du gjer som du vil, men eg har sett alarmklokka mi på pip på puls 153, og den respekterer eg. Viss ikkje nokon held på å gå frå meg, då 🙂

Steikepanne-eksperimentet. 11 timar seinare var flekken borte.

Kommentarer