Arkiv | 2012

Eit hav av perlemor

NORDISHAVET, 72,54 gr nord, 15,20 gr vest: Skjønnheten er oppe i isødet er uendelig. U – endelig. Mange gangar for dag går eg opp på brua, eller aller helst på toppdekket (altså ute) og blir ståande og sjå utover drivisen. Eg kan bli ståande i ein halvtime, ein time. Til kulden går gjennom marg og […]

Les mer

Kontrastar

Først når du vaknar i ei seng som ligg stille, eller i det minste berre duvar behagelig, når du skottar ut i det gråkvite morgonlyset og ser sjøen fosse forbi, først når det går opp for deg at sist du var vaken er meir enn åtte timar sidan, først når det går opp for deg […]

Les mer

Stampar i storm

NORDISHAVET, 72,5 gr nord, 0,5 gr vest: – Eg blir aldri sjøsjuk, sa eg til sjøfolka ombord på MS Nordsyssel. Eg innser no at for dei var det omtrent som å høyre ei jomfru legge ut om at ho kan ikkje bli gravid. For no slit vi litt her. Kort rekapitulasjon: Med seks veker igjen […]

Les mer

Polar-eventyret ventar

Når det er seks veker til du skal springe halvmaraton i Frankrike, og du er midt i den aller viktigste opptreningsfasen, kor lurt er det då å bestemme seg for å tilbringe dei neste fire vekene på eit 73 meter langt skip, der det lengste du kan springe i ett sett (og det er viss […]

Les mer

Noko å oppleve før du døyr

Eg har fått meg hund.  Det vil seie, dotter mi har fått seg hund. Men eg får låne han. Og det gav meg ei ny innsikt: Det å samarbeide med ein hund som skjønar kva du seier til han, og som likar å gjere det du likar å gjere, det er noko som gjer deg […]

Les mer

Pain in the ass

No har eg oppdaga skilnaden (ein av dei) på meg og ein toppidrettsmann, og det er vår tilnærming til hemorrhoider. Kort fortalt, for dei 66 % av befolkninga som er så heldige at dei går rundt og ikkje har erfart kva ein hemorrhoide er: Av og til kan ei blodåre i endetarmsopningen gå litt tett. […]

Les mer

Dei lurer oss!

Det minst interessante talet her er det som står med størst skrift. Trur du det er tilfeldig? I det følgjande må vi huske på ein ting: Den aukande fedma i befolkninga er det aller, aller største helseproblemet  i den vestlege verda i dag. Det betyr, for å seie det på ein anna måte, at det […]

Les mer

Vil du ligge ute med meg?

Eg har alltid drøymt om å ligge ute i vinternatta, og sjå stjernene glitre og nordlyset blafre. Porblemet er at det virkar så g ruelig kaldt. Den einaste erfaringa eg har med overnatting vinter, felt, som det heiter, er heldigvis ikkje mi eiga. Då bror min var tretten år, kom han heim ein dag og […]

Les mer

Det må være moro

Skal du komme i form og ned i vekt, må det skje på ein måte som du syns er moro. Veit du kvifor? For ellers blir det ikkje noko av. Eg veit ein ting om deg. Du likar å ha det fint.  Og viss du syns det er fint å jogge etter vegen, eller trampe […]

Les mer

Vil gå på hundre hytter

Eit stort, vanvittig, hårete mål har hjelpt mang ein stakkar. No veit eg kor vegen går vidare, etter halvmaraton: På hundre hytter. Eg har lurt litt på kva som skulle halde meg gåande (bokstavelig talt) etter halvmaraton (jada, det er berre 20 km, men eg skal no gå litt rundt omkring den dagen og? Eg […]

Les mer