Arkiv | 2011

Jagar mosjonistar

Då er vi i gang med noko eg har gleda meg til lenge: Skisesongen. Og det vart akkurat så kjekt som eg hadde håpt på. Etter kvart, i alle fall… All framgang dette året har komt så sakte og forsiktig at eg faktisk stort sett har måtta måle meg til det, altså med stoppeklokke eller […]

Les mer

Å ta seg heilt ut

Då er O2-test-helvetet gjennomlevd (og overlevd), og tallenes tale er klar: Mitt maksimale oksygenopptak er auka med 15 % sidan testen i juni. Kroppen min omset no 52 ml oksygen per kilo kroppsvekt. Til samanlikning er gjennomsnittet for menn mellom 20 og 29 år 44-51, mens kvinner i samme alder normalt ligg i området 35-43.  […]

Les mer

Ber om godt vær

Kjære Gud. Eg veit du er ein travel mann og sikkert har hendene fulle med Eurokrise og bandittane som drep born i Syria og slike ting, men det er ein bitteliten ting som eg lurte på om du kunne bruke eit øyeblikk på: Eg ser på Yr at det er meldt akkurat 1 og 2 […]

Les mer

Jule-innspurt

Det begynner å bli alvor no. Hugsar du eg sa at eg ikkje skullle springe meir (pga den vonde hælen min) før eg var under nitti kilo? Eg hadde egentlig planlagt å ikkje fortelje nokon at eg var under nitti, før eg var komt ned i åttifem. Ja, du veit no korleis det gjekk: Ein […]

Les mer

For femti kilo sidan – og tilbake

Hausten 1987 skjedde det ein del ting. I dag skjedde det ein anna ting, som plutseleg gjer hausten 1987 høgaktuell igjen. Vær tålmodig, så skjønar du korleis det heng saman: For det første, hausten 1987 var eg 20 år, og fersk student på siviløkonomstudiet på Norges Handelshøyskole. Ja, eg var ein av dei. Dei bortskjemte […]

Les mer

Som ein hund

For eit par år sidan var eg på ferie i Sverige med eit par eg kjenner.  Midt ute på eit jorde i Skåne stoppa dei bilen og slapp dei to vorsteh-hundane sine laus. Og dei la på sprang! Som to olja lyn fauk dei over markene, ein kilometer var unnagjort på sekundar, hit og dit, […]

Les mer

Fekk superkrefter

I min barndom var det streng justis på kva teikneseriar eg fekk lese. Tarzan var for voldeleg, Fantomet likeså. Men Supermann, det var av ein eller anna merkeleg grunn greit. Eg trur det var fordi far min likte det. – Tenk å ha superkrefter, tenkte eg ofte. Supermann hadde nemleg det. Ei slags forklaring var […]

Les mer

Redd som ein hare

Kan du hugse eg skreiv om at eg sprang inn ein hare? Denne veka fekk eg prøve korleis det er å være haren. Eg sprang for livet. Flykta, rett og slett, som ein hare. Eg har nemleg vore på tjuvjakt. Det er ein ufin ting, og det er ikkje noko å være stolt av, men […]

Les mer

Når fornuften sigrar

I min ungdom fans det ein ting som kunne skje, og som hadde kraft til å ruinere sjølv den finaste dag, og det var når Orvelle Hatlebrekke (han heitte faktisk det) kom ryggande inn i oppkjørselen vår og tippa eit fjell med bjørkeved der. Vi fyrte med ved, og før vinteren fylte vi kjellaren, vedskjulet […]

Les mer

Mental motbakke

Den siste veka vart ein mental motbakke. Eg er ikkje fullt så fanatisk på det med trening som eg var i sommar, derfor kom ei veke utan trening litt bakpå meg. Eg har hatt slik medgang dei siste vekene, at eg var rett og slett ikkje budd på litt motgang. Onsdag for tolv dagar sidan […]

Les mer