Arkiv | 2011

Skuffelse

Tann-operasjonen vart ein stor skuffelse. Skal du ha noka glede av bekymringane, må du som regel ta dei på forskudd.  Eg burde tatt bilder, men det gløymte eg, det soste eg rett og slett vekk i Sobril- og Paralgin Forte-tåka. Sobril er, etter det eg kunne finne ut på Internett, ein farleg medisin. Farleg god. […]

Les mer

Angstens dag

I morgon skal eg operere ut ein jeksel. Sist gong endte det med eit anfall av panikkangst og sjukehusinnleggelse med blålys. Eg har alltid hatt ein forferdeleg redsel for tannlegar.  Det er dumt og ulogisk, eg veit det, men prøv å forklare det til eit menneske som f.eks. får ein veps opp i skjorteermet. Det […]

Les mer

Sprang ein hare i senk

Av dei siste fem dagane har eg tilbragt fem dagar i fjellet. Omsider – og kanskje først no – føler eg at kroppen min er blitt det verktøyet eg treng for å ha full glede av ein heildags fjelltur. I går sprang eg ein hare i senk – i motbakke. Det er heilt sant. Den […]

Les mer

Farleg fornøgd

– Kvifor skal du springe maraton? spør fleire meg. – Du ser jo så flott ut no, og helsemessig er du vel heilt på topp og alt er fint? Kan du ikkje eigentleg seie deg nøgd no? Det er farleg når ein begynner å bli fornøgd. Status: I dag er eg 94,2 kilo, eg ser […]

Les mer

Alt bortkasta

Sist veke trente eg 29 timar, og gjekk opp 3,3 kilo. Eg må seie eg syns det er litt deprimerande.

Les mer

Monsens metode

Skal du slite, forbrenne kaloriar og trene styrke og kondisjon, er det ein aktivitet som utmerkar seg kraftig: Å dra på ein skikkeleg villmarksekspedisjon. Du er rett og slett din eigen kløvhest: Eg syntes lenge at Lars Monsen var ei klyse. Dette var basert på ein artikkel eg leste om han i Jakt og Fiske, […]

Les mer

– Vart du skræmt no?

Ja, eg vart det. Eg var med familien på Oslo Maraton i helga, og det vart ei tankevekkande oppleving. Det er rart å tenke på at det fins folk som set seg framfor ein skjerm for å sjå sminka menneske i klede dei ikkje eig, late som om dei har følelsar overfor folk dei ikkje […]

Les mer

Ikkje berre «tjukkas-sprek»

– No går det verkeleg framover med deg, sa ein kamerat til meg i førre veke. No gjer du ikkje lenger berre slike ting som er tjukkas-spreke, no gjer du ting som er verkeleg spreke. Han meinte nok å seie noko pent. Men av dette forstår eg at tidlegare har altså folk rost meg for […]

Les mer

Nordlands trompet

For ein friluftsinteressert vestlending er det å kome til Nordland ei mektig oppleving. Himmelen er så mykje større, fjella så mykje brattare, sjøen og lufta så mykje klarare, stjernene så mykje sterkare, havet så mykje meir yrande av liv, alt er så mykje meir, og så mykje sterkare enn du er vant til frå Vestlandet.  […]

Les mer

Gjekk halvmaraton i steinur

Lørdag 10. september skulle eg ha sprunge maraton i Medoc. Eg gjorde noko mykje kjekkare: Eg brukte omtrent dei same kreftene på å gå 25 km i steinete fjellterreng. Eg vart veldig sur, nokså sliten og til slutt litt blid igjen.

Les mer