– Kvifor skal du springe maraton? spør fleire meg. – Du ser jo så flott ut no, og helsemessig er du vel heilt på topp og alt er fint? Kan du ikkje eigentleg seie deg nøgd no? Det er farleg når ein begynner å bli fornøgd. Status: I dag er eg 94,2 kilo, eg ser […]
Alt bortkasta
Skrevet i Ukategorisert den 7. oktober 2011
Sist veke trente eg 29 timar, og gjekk opp 3,3 kilo. Eg må seie eg syns det er litt deprimerande.
Monsens metode
Skrevet i Ukategorisert den 4. oktober 2011
Skal du slite, forbrenne kaloriar og trene styrke og kondisjon, er det ein aktivitet som utmerkar seg kraftig: Å dra på ein skikkeleg villmarksekspedisjon. Du er rett og slett din eigen kløvhest: Eg syntes lenge at Lars Monsen var ei klyse. Dette var basert på ein artikkel eg leste om han i Jakt og Fiske, […]
– Vart du skræmt no?
Skrevet i Ukategorisert den 27. september 2011
Ja, eg vart det. Eg var med familien på Oslo Maraton i helga, og det vart ei tankevekkande oppleving. Det er rart å tenke på at det fins folk som set seg framfor ein skjerm for å sjå sminka menneske i klede dei ikkje eig, late som om dei har følelsar overfor folk dei ikkje […]
Ikkje berre «tjukkas-sprek»
Skrevet i Ukategorisert den 23. september 2011
– No går det verkeleg framover med deg, sa ein kamerat til meg i førre veke. No gjer du ikkje lenger berre slike ting som er tjukkas-spreke, no gjer du ting som er verkeleg spreke. Han meinte nok å seie noko pent. Men av dette forstår eg at tidlegare har altså folk rost meg for […]
Nordlands trompet
Skrevet i Ukategorisert den 20. september 2011
For ein friluftsinteressert vestlending er det å kome til Nordland ei mektig oppleving. Himmelen er så mykje større, fjella så mykje brattare, sjøen og lufta så mykje klarare, stjernene så mykje sterkare, havet så mykje meir yrande av liv, alt er så mykje meir, og så mykje sterkare enn du er vant til frå Vestlandet. […]
Gjekk halvmaraton i steinur
Skrevet i Ukategorisert den 13. september 2011
Lørdag 10. september skulle eg ha sprunge maraton i Medoc. Eg gjorde noko mykje kjekkare: Eg brukte omtrent dei same kreftene på å gå 25 km i steinete fjellterreng. Eg vart veldig sur, nokså sliten og til slutt litt blid igjen.
Himmelriket ventar
Skrevet i Ukategorisert den 9. september 2011
For meg, og veldig mange andre, er det vesle julafta i dag. For i morgon opnar dørene til himmelriket.No kjem fleire månader der mange timars økter med tung, hard mosjon kjem utan at du merkar det. Du gliser frå øyre til øyre og held på som ein guttunge med ein fotball: Til du knapt greier […]
På gjengrodde stiar
Skrevet i Ukategorisert den 6. september 2011
Eg orka ikkje sykle rittet Den Grøne sløyfa i helga. Stikkord: 11 grader, ausregn, holete asfalt. Så eg tok meg ein biltur i staden. Eksingedalen er ein av dei vakraste stadane eg veit om. Eit sykkel-eldorado kunne det vore, om berre Vegvesenet kunne halde asfalten på noko litt betre enn månelandskap-nivå. På vegen køyrte eg […]
Nye prøvelsar
Skrevet i Ukategorisert den 2. september 2011
OK, eg gløymte ein ting på «ting eg er redd for»-lista mi: Edderkoppar. Men det var fordi eg tok det som sjølvsagt, altså at alle er redde for edderkoppar. Men idet eg skulle fortelje nokon om alt det forferdelege eg hadde opplevd i dag, så sa ho: Er du redd for edderkoppar, Ole Johannes? Og […]
Om Ole Johannes Øvretveit
44 år, forfattar og humorist. Har skrive bøkene ”Mat for ekte mannfolk” og ”Vestlandsk verandafilosofi”. Turnerer for tida med one-man showet ”Min Kamp”, der han m.a. fortel om korleis han i fjor gjekk ned fra 140 til 120 kilo og gjennomførte Gaularfjellsrittet. No har han gått ned 45 kilo sidan han begynte "oppussingsprosjektet". Målet er at i løpet av vinteren skal han gjennomføre eit maraton: 42 km på maks. 6,5 timer.
Arkiv
- april 2012 (5)
- mars 2012 (10)
- februar 2012 (4)
- januar 2012 (6)
- desember 2011 (4)
- november 2011 (5)
- oktober 2011 (7)
- september 2011 (7)
- august 2011 (12)
- juli 2011 (7)
- juni 2011 (8)
- mai 2011 (6)
- april 2011 (9)
- mars 2011 (8)
- februar 2011 (8)